Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa Settefiskanlegg – Smoltutsetting i Toåa

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. mai 2021

I dag gjennomførte Statkraft, gjennom Rossåa Settefiskanlegg, det årlege pålagte smoltutsettet. Dette pålegget er ein konsekvens av reguleringar av Toåa i samband med kraftutbyggingar, og som har pålagt Statkraft å sette ut 2500 smolt i Toåa kvart år. Utsettinga av smolten vart gjort ved steinutgarden ved Toåa, mellom Trudvang og Peøya. Det nøyaktige talet på smolt som vart utsett i dag var 2508 stykker. 

Statkraft har og pålegg om utsetting av smolt i elvene Surna og Bævra. Smolten til desse elvene blir og klekt og har sine første levemånader i anlegget til Rossåa Settefiskanlegg. Så akkurat no er det travle dagar for gjengen ved settefiskanlegget med utsetting av smolt i tre elver.

Rolf Bjørbekk og Frøydis Bolme Hamnes passar på at det ikkje blir smolt att i tanken. Foto: B G Ansnes

Det var Frøydis Bolme Hamnes, Rolf Bjørbekk, Tommy Thunestveit og Bjørnar Aasbø frå Rossåa Settefiskanlegg som gjennomførte utsettinga i år. 

Smolten veg omlag 14 gram ved utsettinga, og vart frakta frå settefiskanlegget til utsettingsstaden i ein stor tank. Så vart smolten, via slange, flytta over til ei laksemerd i elva. Her blir smolten ståande i 1-2 døgn for å tilpasse seg rennande vatn og straumane i elva. Etter 1-2 døgn opnar dei laksemerda, og smolten dreg til havs i løpet av eitt lite døgn. 

Etter 1-3 år vil smolten som har overlevd, og som under opphaldet i havet, har blitt til laks, kome attende til elva der den vart sett ut, som i dette tilfellet betyr Toåa. Eksakte tal på overlevingsprosenten for smolten er påverka av mange faktorar, og er difor vanskeleg å måle heilt eksakt. Men det er nok grunn til å tru at mange av dei 2508 som i dag vart sett ut, aldri kjem att til Toåa, men har blitt mat for andre fiskar, døydd av sjukdom eller ikkje har vokse opp på grunn av andre årsaker.  

Publisert: 6. mai 2021, 13:48