Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vatningsutstyret er framsett på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mai 2021

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv. 

Det tek til å bli tørt, og sjølv om det er meledt litt nedbør dei komande dagane, så kan det sikkert vere lurt å ta ein tur på kyrkjegarden for å sjekke og eventuelt vatne litt!

Kristian kan òg fortelje at Torbjørn Brøske vil vere liturg under 17.maigudstenesta i Todalen kyrkje klokka 14:00. 

Publisert: 10. mai 2021, 15:38