Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1914 artiklar i dette arkivet.


Surnadal Sparebank – Normal drift frå tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank no at alle Covid19 testane, som vart tekne av dei tilsette ved hovudkontoret i Surnadal fredag ettermiddag, var negative. Dette inneber at banken frå og med tysdag 17.november vil vere open for publikum og at drifta vil gå som normalt att. 


Surnadal Sparebank – Held stengt måndag 16.november

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank at dei held stengt i dag, måndag 16.november. Bakgrunnen for stenginga er at alle tilsette i banken, før helga vart testa for Covid19, men at dei ikkje har fått svar på desse testane enno, og ser seg difor nødt til å stenge dørene for publikum. 


Surnadal kino – Julefilmane har innteke kinolerretet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

Jula står snart for døra, og på Surnadal kino dominerer i desse dagar julefilmane programmet. Filmane som akkurat no står på programmet er alle familiefilmar. Så her er det mogleg å ta med familien på kino, for å koble av litt i juleførebuingane.  


med «Haustlys»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. november 2020

Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, , todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane. 


Klassequizen 2021 – Surnadal ungdomsskule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. 


Presentasjon av junior- og seniorane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt. 


Presentasjon av aspirantane i Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. november 2020

Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.


Senioruniversitetet – AVLYSER/UTSETT

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. november 2020

Det planlagde møtet i Indre Nordmøre senioruniversitet med Audun Aas om «Smertelindring» på Surnadal kulturhus torsdag 12.november er avlyst/utsett grunna Koronarestriksjonane. 


Krim på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. november 2020

Onsdag 18.november kl. 18:00 inviterer Møre og Romsdal fylke og Surnadal bibliotek alle til biblioteket på Surnadal kulturhus. Då kjem forfattaren Chris Tvedt på besøk. Tvedt er fødd i 1954 og kjem frå Bergen. Han er studert jus og litteraturvitenskap ved UiB. Han jobba som advokat fram til 2005, men har sidan da vore forfattar på heiltid.  


Årets klassequiz med lokale deltakarar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. november 2020

Årets klassequiz er godt i gang, og neste veke er det laget frå Surnadal ungdomsskule som skal i aksjon, Korleis det går med dei kan du høyre på NRK1 Møre og Romsdal onsdag 11.november klokka 14:30. Surnadal ungdomskule sitt lag består i år av: Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. Klassequizen er ein spørjekonkurranse for 10.årstrinn, der alle ungdomskulane over heile landet deltek med kvart sitt lag. I år er det i alt 623 skular som er påmeldt Klassequizen. 


Start 4H – med digital haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Laurdag 7.november skulle det ha vore haustfest i Start 4H. På grunn av Koronasituasjonen og at det etter alt å dømme kjem nye smitteverntiltak denne veka, har styret i klubben vedteke å avlyse haustfesta i år. I staden vil kvart medlem få presentert oppgåva si digitalt på Todalen.no. 


Oppsummering av fotballsesongen 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Måndag kveld var det tid for ei oppsummering av fotballsesongen 2020 for laga til Søya/Todalen. Fotballgruppa i I.L. Søya hadde invitert trenarar og lagleiarar til klubbhuset på Søyabanen til eit oppsummeringsmøte for å hauste erfaringar frå årets sesong, og samtidig sjå framover til neste sesong. Sesongen 2020 vart sterkt prega av Koronasittuasjonen, og det er grunn til å tru at denne situasjonen òg vil påverke komande sesong.