Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets klassequiz med lokale deltakarar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. november 2020

Årets klassequiz er godt i gang, og neste veke er det laget frå Surnadal ungdomsskule som skal i aksjon, Korleis det går med dei kan du høyre på NRK1 Møre og Romsdal onsdag 11.november klokka 14:30. Surnadal ungdomskule sitt lag består i år av: Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. Klassequizen er ein spørjekonkurranse for 10.årstrinn, der alle ungdomskulane over heile landet deltek med kvart sitt lag. I år er det i alt 623 skular som er påmeldt Klassequizen. 

Klassequizen feirar i år 10-årsjubileum. Dei to laga med høgast poengsum i kvart fylke går til tre TV-sendte semifinalar og til slutt finale. Semifinalane og finalen blir sendt på NRK1 TV fire laurdagskveldar utpå vårparten.  

Programleiar i finalen våren 2021 er Selda Ekiz. Foto: Ole Kaland, NRK

I Møre og Romsdal er det 33 ungdomskular som er påmeldt årets Klassequiz. Etter at 18 av dei har vore i aksjon, så er dette dei tre skulane med høgast poengsum:

  • Spjelkavik ungdomsskole, Ålesund – 12 poeng
  • Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven – 11 poeng 
  • Helland ungdomsskule, Vestnes – 11 poeng

Den maksimale poengsummen eitt lag kan oppnå, er 12 poeng.  Så Spjelkavik ungdomsskole har sett «standarden» for kva poengsum laget frå Surnadal ungdomsskule må ha for å vere eitt av laga i fylkesfinalen.   

Da ønsker vi dei tre quizarane frå Surnadal ungdomsskule lykke til på onsdag, og håper vi får sjå dei på NRK1 TV som eitt av semifinalelaga utpå våren!

Korleis det gjekk med dei kan du lese meir om her på todalen.no på onsdag den 11.november etter klokka 15:00. 

 

Publisert: 4. november 2020, 15:03