Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

med «Haustlys»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. november 2020

Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, der todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane. 

Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane under «Haustlys». Foto: Arkiv

Det 14 utstillarar som stiller ut sine arbeid ungder utstillinga som har fått namnet «Haustlys». Utstillarane er:

  • Gudrun Langli Stølan
  • Anne Grete Kvendset
  • Rannveig Brøske
  • Margit Langli Wiik
  • Bjørn Stenberg
  • Kari Synnøve Moen
  • Brit Dyrnes
  • Kirsti H. Eriksson
  • Ingebrigt Flor
  • Anne Vognil Einum
  • Jorunn Kraft Mo
  • Anne Marie Rognskog
  • Sissel Halset Storslett

For å unngå smittespreiing oppmodar Surnadal Kunstforening alle besøkande om å sprite hendene og å følgje dei gjeldande avstandsreglane. 

Under opninga, laurdag 21.november, vil Alex Trio bidra med eit musikals innslag. Plakaten frå Surnadal Kunstforening kan du sjå ved å trykkje på lenka nedanfor:

Plakat «Haustlys»

Publisert: 15. november 2020, 14:50