Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1914 artiklar i dette arkivet.


Vintersesongen i gang på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. november 2020

Anleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur. 


Justering av lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

Kriseleiinga i Surnadal kommune, gjorde på sitt siste møte, nokre justeringarav i lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Dette er justeringar av dei tidlegare råda kriseleiinga gjekk ut med tidlegare i november. 


Surnadal Røde Kors si besøkstjeneste fekk Eldrearbeidsprisen 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

På Surnadal eldreråd sitt møte i dag, fekk Surnadal Røde Kors si besøkstjeneste overrekt Eldrearbidsprisen for 2020. Det var ordførar Margrethe Svinvik som delte ut prisen, på vegne av eldrerådet. Dette var 10.gongen prisen vart delt ut.


Det blir julegate i år òg – men ikkje Julemarknad

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

Laurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen. 


Rute 46: Kvanne – Rykkjem – Normal drift att frå klokka 11:30

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. november 2020

Frå klokka 11:30 er det normal drift att på sambandet Kvanne – Rykkjem. Etter å ha vore innstilt i to periodar, i morgontimane og på føremiddagen i dag, er det altså no normal drift att i sambandet. Fjord1 presiserer likevel at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel. Så her må ein berre følge med!


VARSAM! – Stort hål i vegbanen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 21. november 2020

Vi har fått advarsel om eit stort stygt hål i vegbanen på Halanesvegen, rett på oversida av Ramsøya, på høgersida av vegen på tur innover. Så skal du køyre innover Halanesvegen, så kan det vere lurt å ta det litt med ro her. 


FRAM Møre og Romsdal – Nye takstreglar for reiser med buss

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. november 2020

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok på sitt møte 9.november i år nye takstreglar for reiser med buss og hurtigbåt. Dei nye takstreglane trer i kraft 1.juanuar 2021, og inneber nokre vesentlege endringar for dei som reiser med buss, endringar det kan vere greitt å kjenne til. 



SJFF – Innandørsskyting på Angråmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. november 2020

Tysdag 24.november klokka 18:00 startar Surnadal Jeger og Fiskeforening oppatt med innandørsskyting på Angråmyra skytebane. Skytinga vil gå føre seg på Surnadal Skyttarlag sin nyrenoverte innandørsbane på Angråmyra skytebane, og avstanden det blir skote på er 15 meter. 


Skal du ta bussen til Trondheim? Sjå her!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. november 2020

Dersom du, frå og med i dag, skal ta bussen til Trondheim må du no bruke munnbind. Bakgrunnen for dette er at Trondheim kommune har innført påbod om munnbind på all kollektivtransport. Dette inneber at alle som reiser med FRAM Ekspress si rute 905 Surnadal – Trondheim – Surnadal blir omfatta av dette påbodet. 


Start 4H – Utdeling av 4H merke og skeier

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. november 2020

Tysdag kveld var det medlemsmøte og tid for å dele ut 4H-merke og skeier til medlemmane i Start 4H. Dette er det synlege beviset på at prosjektet dei har jobba med gjennom året er godkjent og bestått. 


Surnadal Sparebank – Utsett temakveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. november 2020

Surnadal Sparebank melder på si heimeside bank.no, at den planlagde temakveld med «fremtidsfullmakt og ny pensjonskonto» på agendaen, er som følge av Koronasituasjonen utsett på ubestemt tid.