Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H – Utdeling av 4H merke og skeier

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. november 2020

Tysdag kveld var det medlemsmøte og tid for å dele ut 4H-merke og skeier til medlemmane i Start 4H. Dette er det synlege beviset på at prosjektet dei har jobba med gjennom året er godkjent og bestått. 

Denne utdelinga skjer vanlegvis på haustfesta til klubben, men årets haustfest, vart som kjent avlyst, på grunn av Koronasituasjonen. Kvart medlem sitt prosjekt har vi presentert her på Todalen.no, førre tysdag og onsdag. Om du ikkje fekk med deg desse presentasjonane kan du lese dei ved å trykkje på lenkene nedanfor:

Medlemmane i Start 4H i 2020. Sivert Sogge var ikkje tilstades. Foto: Ragna Kvendset

Start 4H har i år hatt 14 medlemmar som har fullført prosjekta sine, og fekk det synlege beviset på dette i form av 4H merke og skei. I 4H er medlemmane delt inn i tre grupper, aspirant (dei to første åra), junior (dei tre neste åra) og senior (dei siste fire åra). Dei medlemmane som fullfører og får godkjent ni prosjekt (ni år) får 4H plaketten. Dette er den høgste utmerkinga i 4H, og heng såleis høgt. Sist nokon frå start 4H fekk denne utmerkinga, var i 2015, så her er det noko å strekkje seg etter for dagens medlemmar! 

I Start 4H var medlemsfordelinga slik i 2020:

  • 8 aspirantar
  • 5 juniorar
  • 1 senior

Aktiviteten i klubben har vore hardt råka av Koronasituasjonen, noko som har gjort det vanskeleg å få gjennomført fleire av dei planlagde aktivitetane. Her kan vi nemne: 

  • Overnattingstur
  • LAN (felles dataspeling)
  • Haustfest

Da blir det pause til etter nyttår, da starter eit nytt 4H-år og høve for nye barn/unge til å bli med som medlemmar i Start 4H. 

Publisert: 17. november 2020, 20:52