Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rute 46: Kvanne – Rykkjem – Normal drift att frå klokka 11:30

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. november 2020

Frå klokka 11:30 er det normal drift att på sambandet Kvanne – Rykkjem. Etter å ha vore innstilt i to periodar, i morgontimane og på føremiddagen i dag, er det altså no normal drift att i sambandet. Fjord1 presiserer likevel at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel. Så her må ein berre følge med!

Det er vêrforholda på Stangvikfjorden, med sterke vindkast, som har ført til utfordringar for fergesambandet på morgonen og føremiddagen i dag. Dette har ført til at fergsambandet har vore innstilt i to periodar. Først frå klokka 07:30 – 08:30, og til sist klokka 09:00 – 11:30. Fjord1 tek atterhald om at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel på grunn av vêrtilhøva på Stangvikfjorden. 

Publisert: 22. november 2020, 11:45