Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal du ta bussen til Trondheim? Sjå her!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. november 2020

Dersom du, frå og med i dag, skal ta bussen til Trondheim må du no bruke munnbind. Bakgrunnen for dette er at Trondheim kommune har innført påbod om munnbind på all kollektivtransport. Dette inneber at alle som reiser med FRAM Ekspress si rute 905 Surnadal – Trondheim – Surnadal blir omfatta av dette påbodet. 

Du må difor ha med deg eige munnbind når du skal ta bussen til eller frå Trondheim. 

På turar til Trondheim skal munnbindet brukast når du kjem til Trondheim kommune. 

På turar frå Trondheim skal munnbindet brukast på heile reisa frå Trondheim og til endeleg dstinasjon. Dette gjeld òg dersom du under reisa skiftar buss.  

Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år og for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind. 

For ytterlegare informasjon kan du sjå FRAM 

 

 

Publisert: 18. november 2020, 07:16