Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Sparebank – Held stengt måndag 16.november

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank at dei held stengt i dag, måndag 16.november. Bakgrunnen for stenginga er at alle tilsette i banken, før helga vart testa for Covid19, men at dei ikkje har fått svar på desse testane enno, og ser seg difor nødt til å stenge dørene for publikum. 

Det var sist onsdag at ein person, som seinare fekk påvist Covid19 smitte, besøkte banken, noko som gjorde det naudsynt med testing av alle tilsette ved hovudkontoret i Surnadal. Testinga vart gjennomført fredag ettermiddag, men testsvara føreligg altså ikkje enno. 

Banken opplyser at personen som var på besøk onsdag, og i ettertid har fått påvist Covid19 smitte, føler seg frisk og har så langt ikkje symptom på å vere sjuk, sjølv om vedkommande har fått påvist Covid19 smitte. 

Du kan kontakte banken på telefon: 71662700 eller via e-post: post@bank.no. Du kan og gå inn på heimesida til banken bank.no for meir informasjon og oppdateringar. 

 

Publisert: 16. november 2020, 09:51