Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – Julefilmane har innteke kinolerretet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

Jula står snart for døra, og på Surnadal kino dominerer i desse dagar julefilmane programmet. Filmane som akkurat no står på programmet er alle familiefilmar. Så her er det mogleg å ta med familien på kino, for å koble av litt i juleførebuingane.  

Dragevokterens Jul

Det er snart jul i den lille byen Kjedly. Alle pyntar til fest, syng julesongar og bakar kaker. Bortsett fra 11 år gamle Sara som bevegar seg rundt som ein usynlig ninja. «Aldri bli sett, aldri bli tatt og aldri bli kjent med nokon», sier ho til seg sjølv medan ho gøymer seg for politiet og bryt seg inn i ferietomme hus for å finne mat og varme. Men når ein flammesprutande drage krasjlander i huset ho skal feire jul i, blir alt snudd på hovudet.

Ho blir tvungen til å be om hjelp av naboguten Mortimer som drøymer om å bli Youtube-stjerne. Saman bestemmer dei seg for å hjelpe dragen heim dit han kjem frå før nokon får fatt i han. Men å halde seg skjult for politiet med ein ildsprutende drageven, er ikkje lett.

«Dragevokterens jul» er ein hjartevarm, morsom og spennande film om å tørre å bli sett for den ein er. Om vennskap, offervilje og trua på det utrulege. Ein julefilm du aldri har sett maken til. 

Aldersgrense: 6 år. 

Kjøp billett: Dragevokterens Jul

Jul på KuToppen

Bykalven Klara skal feire jul på Kutoppen for første gong og har store forventningar til hva som møter henne der oppe. Skuffelsen blir stor da pappaen Mosk ikkje bryr seg om jul, og ikkje har gjort i stand noko som helst. Mosk blir tilkalla på måkeoppdrag, og da han blir sittande snøfast på hytta til den ufordragelege Pauline, tek Klara og bestevennen hennar, Gaute, og bestemmer seg for å lage ei fantastisk jul på Kutoppen for å overraske pappa når han kjem att. 

Men korleis lagar ein ei perfekt jul? På Sætra bor det ein ekte juleekspert, den tverre geita Bærnt. Men Bærnt er så oppteken med sine eigne tradisjonar, og å vere ufrivillig vertskap for den alternative høna Chickolina, at han ikkje har tid til å hjelpe Klara og Gaute.

Klara oppsøker i staden fjøsnissen som gøymer seg på låveloftet. Klara lager graut til nissen for å få han til å hjelpe seg, men det Klara ikkje veit er at Nissen blir klin kokos dersom han får graut før julekvelden. Klara og Gaute må finne ein måte å stoppe Nissen på før han legg heile garden i ruinar, og før Mosk kjem heim og oppdager julekaoset Klara har stelt i stand.

Aldersgrense: 6 år. 

Kjøp billett: Jul på KuToppen

Gledelig Jul

Gledelig jul er ein julekomedie med Anne Marit Jacobsen og Otto Jespersen i spissen for eit norsk stjernelag av kjente og kjære skodespelarar.

Annemor og Frank gleder seg over at barn og barnebarn skal feire jul heime på garden for første gong på ti år, men det går ikkje heilt etter plana. Dotra Tessa har bytta ut sambuaren Emma med ein slesk, svensk fitness-trenar, medan sonen Samuel er på randen av en skilsmisse på grunn av ein glutenallergisk hund. Barnebarnet Petter prøver å fri til skulen si vakreste jente på hebraisk og naboen Nils er døden nær.

Det må manøvrerest mellom små og store katastrofar for å halde familien samla, men akkurat idet juleroa senkar seg kjem ein gamal løyndom til overflata. Blir dette familiens siste jul saman?

Aldersgrense: Alle

Kjøp billett: Gledelig Jul

Først publisert: 16. november 2020, 08:00 - Sist oppdatert: 15. november 2020, 13:49