Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klassequizen 2021 – Surnadal ungdomsskule

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. november 2020

I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen. 

Med denne poengsummen ligg laget frå Surnadal ungdomsskule på ein førebels 11. plass på resultatlista, når 23 av 33 lag er ferdige med sine opptredenar. 

Dei to beste laga frå Møre og Romsdal går til dei TV-sende landsfinalane i Oslo utpå vårparten 2021. 

Resultatlista per 11.11.2020 viser at desse tre laga kjempar om dei to plassane i landsfinalane:

  1. Spjelkavik ungdomsskole – 12 poeng
  2. Sykkylven ungdomsskule – 11 poeng
  3. Helland ungdomsskule – 11 poeng

Klassequizen i Møre og Romadal blir avslutta 25.november i år. Då vil den endelege resultatlista vere klar. 

Om du vil kan du høyre dagens Klassequiz her: Klassequizen 2021. Her kan du og høyre tidlegare sendingar frå Klassequizen 2021. 

Publisert: 11. november 2020, 14:57