Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Sparebank – Normal drift frå tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank no at alle Covid19 testane, som vart tekne av dei tilsette ved hovudkontoret i Surnadal fredag ettermiddag, var negative. Dette inneber at banken frå og med tysdag 17.november vil vere open for publikum og at drifta vil gå som normalt att. 

Det var fredag ettermiddag alle tilsette ved hovudkontoret til Surnadal Sparebank i Surnadal måtte ta Covid19 test, etter at ein besøkande i banken onsdag, hadde testa positivt på Covid19 smitte. Denne personen føler seg frisk og har så langt ikkje symptom på å vere sjuk, sjølv om vedkommande har fått påvist Covid19 smitte. 

Surnadal Sparebank seier at testresultata var som forventa. 

Publisert: 16. november 2020, 12:45