Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1886 artiklar i dette arkivet.


Politiet ber om tips om forsvunnen robotklippar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Mellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko. 


Fjellgruppa tek turen til Torviksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Tysdag 10.august startar Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag oppatt med fjellturar. Den første turen etter ferien går til Torviksetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Torvik. 


Todalen barnehage stengt, men ikkje lagt ned

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, blir vi informert om at Todalen barnehage blir stengt frå 1.august 2021, altså for tre dagar sidan. Ungane ved barnehagen vil få tilbod om plass ved andre barnehagar i kommunen. Barnehagen er stengt, men ikkje lagt ned. Dette inneber at dersom det blir nok ungar seinare, så vil barnehagen bli opna att. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:


Søndag 29.august er det duka for SøyaCupen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. august 2021

Idrettslaget Søya er glad for igjen å kunne invitere til SøyaCupen. I fjor måtte SøyaCupen, som alle andre cupar rundt om, avslysast på grunn av koronasituasjonen. Årets cup blir arrangert på Søyabanen søndag 29.august frå omlag 9:30. – Vi gleder oss og ser frem til å sammen med deg og ditt lag å skape nye fotballminner, heiter det i invitasjonen til SøyaCupen 2021 på Facebook. 


Ope gardsutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. august 2021

Førstkommanda fredag, den 6.august, mellom klokka 13:00 – 17:00, er det igjen duka for ope gardsutsal hos Lia gard, etter ferien. Så da blir det igjen høve til å kjøpe noko godt til helgakaffen!


Bil av vegen – mistanke om promillekøyring

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. august 2021

Klokka 1:43 i natt fekk operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt tips om mogleg promillekøyring i Todalen. Ei politipatrulje kom raskt til staden og fann ein bil som hadde hamna utanfor vegen, like ved Øyabrua på Pilskarvegen. Den mistenkte sjåføren vart funnen gåande få hundre meter frå ulykkesstaden. 


Open gard hos Oppistua Torvik i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. juli 2021

I morogn, søndag 1.august, er det open gard hos Oppistua Torvik i tidsrommet 11:00 – 16:00. Bondepikenes kafe vil vere open under heile arrangementet. Det vil og bli mogleg å få vere med på foring av dyra, klapping av dyr, ri, ta ein tur i «mini-traktor»-parken, bli med på tradisjonelle leikar i tunet samt å teste snekkarkunnskapane sine i snekkarbua.


Norsk Vandrefestival 2021 – Rindal 6. – 8.august

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. juli 2021

Neste helg blir Norsk Vandrefestival arrangert i Rindal. Festivalen tek til fredag 6.augst og varer til og med søndag 8.august. Dette er den 11. utgåva av Norsk vandrefestival, og vart sist arrangert i 2019. Årets utgåve går altså føre seg i Rindal, og har eit varierert og innhaldsrikt program. Tema for årets festival er historie, og festivalen vil difor ha eit eige «vikingmarked».


Herleg smaklaust på Surnadal kino!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Sjølv om det ikkje akkurat har vore «kinovêr» i det siste, så kjem det no nokre dagar med nedbør og lågare termperaturar. Så da kan det kanskje passe med ein film som har norgespremiere i dag? VG konkluderer med «dårlig smak i verdensklasse» om filmen som har premiere på Surnadal kino fredag 30. juli. Og da er det positivt meint frå avisa… Filmen det gjeld er «I onde dager»


Endra opningstider ved Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juli 2021

Vi har fått informasjon om endringar i opningstidene ved biblioteket på kulturhuset på Skei. Grunna budsjettkutt, må kulturavdelinga spare pengar på inneverande budsjett. Kultureininga i Surnadal kommune har vorte pålagt, etter måten, store innsparingar dette året. Mellom anna er ei av stillingane ved biblioteket redusert. Ein av konsekvensane av dette er at biblioteket vil ha langt mindre på lønsbudsjettet frå august av, noko som inneber redusert opningstid for biblioteket på kulturhuset. 


Fjerning av trigonomiske punkt-signal i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. juli 2021

For å kunne kartlegge Norge via flyfoto, vart det på 50- og 60-talet sett opp såkalla trigonomiske punkt-signal (trig.punkt-signal) rundt om i Norge. Desse signala vart sett opp mange plassar, òg langt til fjells. Etter at GPS no heilt og fullt har overteke som hjelpemiddel i slike kartleggingar, har trig.punkt-signala mista funksjonen sin, og Statens kartverk har sett i gang eit prosjekt for å få fjerna dei signala som framleis står. 


Ferieprega sykkeltrim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juli 2021

I kveld arrangerte Trimgruppa i Todalen Idrettslag sykkeltrim. Oppmøtet bekrefta vel på mange måtar at det er ferietid og at temperaturen freista meir til andre aktivitetar enn sykling denne kvelden. Men dei som møtte opp og tok turen rundt bygda fekk ein fin tur.