Dess fleire kokkar, jo meire søl….
Tysdag kveld gjekk vi oss borti eit kokkelag som hadde planlagt å prøve seg fram med produksjon av leverpostei av elglever. Dei fortalte at ideen var fødd da jaktlaget, Storli jaktlag, var på elgjakt på Terråk i Bindal kommune. Der har dei vore på elgjakt i mange år, og etter kvart har det vorte felt mange elgar og det har vorte mykje både elg- og hjortkjøt som skal foredlast. Dermed dukka ideen opp om å ta vare på innmaten og nytta denne i matproduksjon. Og da var heller ikkje ideen om å prøve seg på produksjon av leverpostei langt unna.