Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jule- og nyttårshelsing frå kommuneoverlegen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. desember 2020

Det er per no ikkje påvist nye Covid19-smitta i Surnadal kommune, og det er som følge av dette ingen pågåande smittesporing no rett før jul, opplyser kommuneoverlegen i ei pressemelding no på ettermiddagen. I pressemeldinga seier kommuneoverlegen følgande: «Det går mot ei etterlengta julefeiring for store og små. Håpet er at vi skal kunne møtast i trygge rammer og halde avstand, samtidig som vi har det triveleg i lag med våre nermaste».

Klare for koronavaksinering

Surnadal kommune har planene klare for korleis dei skal gjennomføre koronavaksineringa og kva grupper som blir prioritert først. Kommunen forventar varsling om vekentlege sendingar med ei begrensa mengd med vaksinedoser i starten av januar. Kommunen er førebudd på at det kan skje endringar i desse utsendingane i raskt tempo.

Personar som er i risikogruppa vil ved årsskiftet motta brev frå kommunen med informasjon om koronavaksineringa og korleis dei skal forhalde seg i tida framover.

Bebuarar ved sjukeheimen, omsorgsboligane og mottakarar av heimesjukepleie vil få tilbod om koronavaksine direkte via tenestene etter kvart som forsendingane med vaksinedoser kjem til kommunen og i tråd med nasjonale prioriteringar av risikogrupper. 

Du vil heile tida finne oppdatert informasjon om koronavaksineringa i Surnadal kommune her: Koronavaksinering – Surnadal kommune

Testing for koronavirus i jule- og nyttårshelga

Det er viktig å teste seg i jula, dersom ein utviklar symptom eller har mistanke om at ein er smitta. Ein kan bestille koronatest via c19.no på følgande datoar:

22., 23., 28, 29 og 30. desember og laurdag 2. januar.

Kommuneoverlege, Bjørn Buan, vil til slutt ønske alle ei riktig god og smittefri jul og godt nyttår!

Publisert: 21. desember 2020, 18:26