Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Smittesporing i Kristiansund med forgreiningar til Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. desember 2020

Etter at vi i ettermiddag, med bakgrunn i ei pressemelding frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune, skreiv at det ikkje var nye tilfeller av Covid19-smitta eller at det gjekk føre seg smittesporing i kommunen, har vi no klokka 21:14 fått melding frå kommuneoverlegen om at fem personar, heimehøyrande i Surnadal kommune, er sett i karantene. Bakgrunnen for at desse er sett i karantene er smittesporing som går føre seg i Kristiansund kommune, etter at ein person der har testa positivt på Covid19. 

Kommuneoverlegen understrekar at ingen av dei fem som no er sett i karantene så langt har testa positivt for Covid19-smitte. Kommunelegen følger situasjonen nøye og vil informere ytterlegare så snart det ligg føre ny informasjon. Du finn til ei kvar tid oppdatert informasjon på: Covid19 – Surnadal kommune  

Publisert: 21. desember 2020, 22:28