Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pepparkakehus – reis deg

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. desember 2020

Bygging og pynting av pepparkakehus er ein vanleg førjulsaktivitet rundt om. Tysdag kveld hadde Marit Ingeborg invitert to av søskenbarna sine, Van Adrian og Jens Sancho, til «Bygge-dugnad» på langbordet i Øya. Pepparkakehuset var eit «elementbygg», ikkje frå TalgøMøretre denne gongen, men frå Matkroken Todalen. 

For å få festa dei ulike seksjonane til kvarandre, måtte det først smeltast sukker som skulle brukast som bindemiddel. Først vart dei fire veggane «limt» saman med sukkerlimet. Så skulle taket på plass, før skorsteinen kunne monterast på. Akkurat monteringa av skorsteinen vart ei lita utfordring, men det gjekk bra til slutt. Når huset var ferdig montert var det tid for pynting. Største utfordringa når ein pyntar pepparkakehus, er rett og slett at mykje av pynten har ein tendens til å forsvinne inn i munnen på pyntarane, men det ser ut til at ein del av pynten i alle fall overlevde denne gongen!     

Først publisert: 22. desember 2020, 22:13 - Sist oppdatert: 23. desember 2020, 11:12