Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegudsteneste på koronavilkår

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. desember 2020

Det var lenge tvil om det skulle bli julegudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan.  Det vart einslags kompromiss for arrangementet, med dobbel avstand mellom sitteplassane og sjølsagt obligatorisk handvask med antibac for å redusere eller eliminere smittefaren.  Det vart imidlertid eit treiveleg arrangement med 30-40 påmeldte, men sokneprest Kristin Strand og resten av gjengen klarte å lage god atmosfære med tilhøyrande julestemning for oss som var der. 

Sokneprest Kristin Strand på prekestolen i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Spesielt var det også at det var premieredag på julaftan for ny organist.   Ronny Kjøsen hadde si første gudsteneste her i Todalen kyrkje på julaftan og er formelt tilsett som organist i Stangvik prestegjeld frå 20. desember.  Kjøsen kjem frå Hølonda, men er no busett i Rindal.  Han kjem frå jobb i i Midtre Gauldal, der han har vore organist sia 2012.  No skal han altså være organist i 60% stilling for dei tre sokna i Stangvik – Todalen, Stangvik og Åsskard.  I tillegg jobbar han litt som frilansarbeid som også er knytt til musikk. 

Nyorganisten – Ronny Kjøsen frå Hølonda starta som organist i Stangvik prestegjeld for 4 dagar sia – i dag hadde han sin første arbeidsdag i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Å være organist kan være ein allsidig jobb – i dag måtte han trø til som orgelreparatør! Det blir nok ikkje siste gongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Under julegudstenesta var det litt problem med orgelet.  Det er forsåvidt eit kjent problem, og presten gjorde oss merksame på at det ikkje var skulda til nyorganisten – ho spøkte med at det var skulda til kyrkjetenaren som også kom frå Valsøyfjord. Men vi kan vel frikjenne han og denne gongen :-).  Elles bidrog Marit Løfaldli med både preludie- og postludinesong i tilknyting til julegudstenesta. 

Todalen kyrkje – julesnøen vart levert akkurat i tide, jmen den blir vel kanskje ikkje så langvarig skal ein tru vêrmeldinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. desember 2020, 15:53