Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei lita oppsummering av storviltjakta 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. desember 2020

Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote    totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor. 

Rapport frå elgjakta på Terråk 2020 Av: Torbjørn Larsen

Elgkua greidde ikkje Kristoffer å bære heim åleine, men denne elgkalven putta han i sekken og bar han heim! Foto: Torbjørn Larsen

Torbjørn Larsen, som er med på jaktlaget på sørsida i Todalen, har sendt oss ein liten rapport frå elgjakta på Urvoll på Terråk. Terråk ligg i Bindal kommune i Nordland fylke. Han og nokre av jaktkompisane på sørsida, saman med nokre andre, bruker å ta ei veke med elgjakt på Terråk kvar haust. Dette har dei gjort i mange år no, og det har dei planer om å fortsette med, fortel Torbjørn.  

Torbjørn skriv: «Til den som lurte på kvifor det var stilt på sørsida nokre helger i haust så var det fordi Ståle med sin hær var på elgjakt. Skribent Torbjørn takkar for ein god jaktsesong og ser fram til september 2021. God Jul!»

Først publisert: 26. desember 2020, 06:00 - Sist oppdatert: 25. desember 2020, 19:25