Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 426 artiklar i dette arkivet.


Livsmot i mørke

Einy R. Elgsæther Laurdag 31. januar 2015

Misjonær, redaktør og forfattar Jostein H. Sandsmark mista ei dotter da to jenter i ponnivogn vart påkøyrde av bil og omkom av skadene for eit år sidan. Han har etter det skrive ei bok om si sorg, fortviling og sin kamp med Gud, «Pass på liten og på stor». Han tek opp spørsmålet som mange har stilt seg i liknande situasjonar: Kor var Gud da? Han som skulle passa på oss? Tirsdag kjem Sandmark til Surnadal!


Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. januar 2015

Søndag 25. januar kl 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje, melder Todalen sokneråd. Takkoffer.   Alle er velkomne!


Høgtidsgudsteneste på nyttårsaftan

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. desember 2014

På årets siste dag er det høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje kl. 16:00 Takkoffer til Todalen Sanitetsforening. Velkomen til gudsteneste!


Julefreden har senka seg over Todalen

Elinor Bolme Onsdag 24. desember 2014

Tradisjonar følgjer julehøgtida. Og ein av mange av desse ulike tradisjonane er for mange å ovevære julegudstjenesta i Todalen kyrkje på julaften. Tradisjon tru, på 23. året var det sokneprest Bernt Venås som sto for prekena. Og med organist Bernt Idar Bøe som hadde tilbragt rundt 20 av dei siste julekveldane som musikalsk ansvarleg for todalingane, vart det nok ei hyggeleg gudsteneste å sjå tilbake på.


Søndag: «Julehøgtid» i kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. desember 2014

– Kom og syng julesongar med orkester! oppfordrar Åsskard Kyrkjekor og Todalskoret. Søndag blir det «Julehøgtid» med korsong, solistar og allsong – med kammerorkester – i Åsskard og Todalen kyrkjer. I Åsskard kyrkje er det konsert kl 16.00 – i Todalen kyrkje kl 20.00


Messefall – gudstenesta søndag er avlyst

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Den annonserte gudstenesta i Todalen kyrkje søndag er avlyst. Utdeling av Kyrkjebok til 4-åringane kjem på neste gudsteneste.


Det er sundt å synge!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. oktober 2014

Slik innleia iallfall organist Bernt Bøe, da han ønska velkomen til songkveld og kunne gratulere todalingane med den nye songboka. Søndag kveld hadde soknerådet invitert til songkveld for å gjera seg kjent med den nye songboka. Den er på heile 1455 sider og inneheld over tusen songar – både godt gammelt og ein del nytt som kanskje er godt. -Det er det slitestyrken som avgjer, sa han. På songkvelden deltok Todalskoret, Åskard kyrkjekor og i tillegg var Sigrid V. Bøe med og kasta glans over arrangementet. Ho går no på Operahögskolan og er heime berre ein snartur.


Songkveld i kyrkja – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. oktober 2014

– Onsdag kveld syng vi salmar og får korsong med litt attåt i Todalskyrkja! seier soknerådsleiar Ildri Øyen. – Både Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor blir med! Kyrkja har nyleg fått i hus den nye salmeboka, og kora slår eit slag for den – med både nytt og kjent stoff. Dertil syng kora vakker musikk av ulikt slag – m.a. av Handel og Beethoven.


Konfirmasjonsfest med 50-årsjubilantar

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2014

Denne helga markerer soknerådet 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1964. Denne markereinga starta med fest i Todalen ungdomshus laurdag kveld, og fortsette søndag med markering under gudstenesta i kyrkja. 10 av dei 14 konfirmantane deltok på festa laurdag kveld, der både jubileumskonfirmantane og bygdafolket elles var invitert til middag og underhaldning i ungdomshuset.


«Sprell levende»- for dei minste på kyrkjelydshuset.

Elinor Bolme Fredag 19. september 2014

Kyrkja og søndagskulen i Surnadal går saman og startar med samlingar «SPRELL LEVENDE» for barn annakvar torsdag kl.17.30-18.30 i sokkelen på kyrkjelydshuset på Skei. Første gong blir tors.25.sept. og dei vil ha 2 grupper ; småbarnssong 1-3 år og barnesong/søndagsskule 4 år og oppover.


Årets 50-års konfirmantar blir satt stas på

Elinor Bolme Tysdag 9. september 2014

Helga 27.- og 28. september markerer Todalen Sokneråd at det er 50 år sidan denne spreke gjengen var konfirmert i Todalen kyrkje. Det heile startar med gratis festmiddag med påfølgande kaffe i Todalen Ungdomshus for jubilantane og ellers alle andre som har lyst til å delta.


Nytt spent konfirmantkull

Elinor Bolme Sundag 31. august 2014

Under dagens gudstjeneste i Todalen Kyrkje vart konfirmantene for våren 2015 presentert. Det var 5 alvorlege og litt spendte ungdommar som steig opp til sokneprest Bernt Venås. Han lova dei ei spanande tid framover med den obligatoriske undervisninga som høyrer denne tida til.