Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 510 artiklar i dette arkivet.


Ny «kyrkjegardsarbeidar» på plass

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. juli 2026

No er han på plass og er komen i jobb på kyrkjegarden i Todalen.  Det er den nye robotkløpparen på kyrkjegarden vi pratar om, og den har no teke over jobben med kløpping av heile kyrkjegarden for resten av sommaren.  Tidlegare har dette arbeidet vore utført av frivillig mannskap som har gjordt dette arbeidet på dugna med ein raider som har tilhøyrt kyrkja.


Apposteldagen var tema for dagens gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2026

Det er ikkje ofte at tema for dagens preken stemmer med tekst og motiv for dagens gudsteneste.  Det gjorde det faktisk i dag, da det faktisk var apposteldagens som var tema.  Apposteldagen er dagen da vi minnes dei første appostlande som led martyrdøden saman med Jesus.


Inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. juni 2026

Søndag 5. juli klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Prest denne søndagen er Pål Arne Winsnes, medan Oddveig Helset Halle er organist. – Søndag feirer vi aposteldagen for å minnes og takke for apostlene, de første trosvitnene som grunnla de første menighetene, fortel Winsnes. – Dagen markerer at apostlene brakte evangeliet ut i verden etter oppstandelsen. Det er også en påminnelse om at alle kristne har et kall til å være vitner i sin samtid, legg han til.  


Høgtidsgudsteneste avslutta programmet for nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2026

Siste post på det offisielle programmet for 17. mai i Todalen var høgtidsgudsteneste i Tidalen kyrkje.   Tema for dagens preike var delvis knytta til feiringa av nasjonaldagen – er det sant at Gud rår over vår historie.  Da er det naturleg at ein tenkjer 1814, 1905 og 1945.  


Tradisjonell feiring med tradisjonelt biltog

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mai 2026

Presis kl 10 starta biltoget frå Matkroken Todalen på nasjonaldagen.  Tradisjonelt har det vore traktor i teten  men i år var det ex handelmann Nordvik som var først i biltoget. Han var rett nok i før gul ledartrøye og er nok snart den einaste som har delteke i alle biltog sia starten på 50-talet ein gong.


Program for 17. maifeiringa i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. mai 2026

Klokka 10:00 er det start for det tradisjonelle biltoget frå  Matkroken Todalen oppover på nordsida og opp til «Gammelfabrikken», der toget snur og køyrer nedover att på sørsida og ned til ungdomshuset. 


Triveleg konfirmasjonsgudsteneste med 120 tilhørarar

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. mai 2026

Det var nærast folk på alle benkar under konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje laurdag.  Det er i år 4 konfirmantar som høyrer soknet til – Tvillingane Lisa og Jakob Ranes, Fredrik Sogge og Nathalie Astrid Brusethaug.  Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Amund Valde var organist under dagens gudsteneste. 


Inviterer til konfirmasjonsgudsteneste laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. mai 2026

Todalen Sokneråd inviterer laurdag 9. mai klokka 11:00 til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne konfirmasjonslaurdagen er prost Vidar W. Rygh, medan Amund Valde er organist. I år er det Natalie Astrid Brusethaug, Lisa Ranes, Fredrik Sogge og Jakob Ranes som er konfirmantar i Todalen kyrkje. 


Tradisjonell nasjonaldagsfeiring i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. mai 2026

Klokka 10:00 er det start for det tradisjonelle biltoget frå  Matkroken Todalen oppover på nordsida og opp til «Gammelfabrikken», der toget snur og køyrer nedover att på sørsida og ned til ungdomshuset. 


Kyrkjegardsdugnad – fekk gjort unna mykje

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mai 2026

Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd var  imponert over oppmøtet på kyrkjegardsdugnaden måndag kveld.  Mesta tretti deltakarar må være bra, når det knappast var varmegrader og snøfillene var heller ikkje langt unna.  Men dugnadsgjengen hadde kledd seg godt og tålte at det var litt vind innimellom.  


Dugnad på kyrkjegarden i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mai 2026

Todalen sokneråd minner om dugnaden på Todalen kyrkjegard tysdag 5. mai frå kl 18:00.   Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad – soknerådet byr på dugnadskaffe!