Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 414 artiklar i dette arkivet.


OBS! OBS! Gudstenesta i Svinviks arboret er flytta til Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. august 2023

På grunn av nedbør, har Todalen Sokneråd flytta den planlagde gudstenesta i Svinviks arboret i dag til Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg denne søndagen er, som tidlegare annonsert, biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, medan Bernt Bøe er organist.


Starta arbeidet med minnelund

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juli 2023

Onsdag vart det så smått starta arbeidet med minnelund på kyrkjegarden.  Det var soknerådet saman med vaktmester Frank Botten som tok opp hellene på gangvegen over plassen framfor reiskapshuset for å klargjere til gravemaskina dukker opp.


Triveleg gudsteneste og fullt langbord til kyrkjekaffen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juni 2023

Søndagens folketonemesse i Todalen kyrkje trekte 80-90 til den litt spesielle gudstenesta.  Sjølvsagt er det Bernt Bøe som er arkitekten og som har vore musikalsk leiar for prosjektet.  I utgangspunktet var det ei vanleg gudsteneste, men med innfletta song og musikk så vart det eit heilt anna produkt, sjølv om bodskapet vart det same.


Søndag: Kortreist i Todalen kyrkje – Folketonegudsteneste

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juni 2023

Lokal musikk pregar gudstenesta når Torbjørn Brøske søndag takkar av som vikarprest. «Folketonemesse frå Todalen» ber hovudledda i liturgien.  Denne «Missa Todalensis» byggjer på folkesalmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby og feleslåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Til vakre og spenstige todalstonar har så Bernt Bøe laga kormelodiar over dei fem vanlege messeledda. Messa vart komponert til 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011.


Kjapp ryddedugnad på morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2023

Onsdag morgon var det ein kjapp «aksjon skogrydding» på kyrkjegarden.  I regi av soknerådet vart to bjørktre tekne ned og fjerna ved hjelp av gravemaskin, motorsag og traktor.  


Ei høgtidsstund for konfirmantane

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2023

Laurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.


Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mai 2023

Laurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist. 


Dugnad med naggelbit – men no blir det minnelund på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mai 2023

Det var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort.  Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.  


Bra besøkt gudsteneste søndag – flott salmesong

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Det blir bra salmesong når det er mange som deltek i gudstenesta – søndag var det eit førtital som deltok i den ordinære gudstenesta i Todalen kyrkje.  Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg under gudstenesta, og både organist Bernt Bøe og klokkar Randi V. Bøe var også vikarar – men det vart ei triveleg gudsteneste for det.


Bli med på vårdugnad på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. april 2023

Onsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. april 2023

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag klokka 11.00. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt Bøe er organist. 


Gripande kveld ilag med konfirmantane

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. april 2023

Konfirmasjonen nærmar seg, og før sjølve dagen, blir konfirmantane samla til samtalegudsteneste, der dei har sentrale oppgåver. Tysdag 18. april var konfirmantane i Åsskard, Todalen og Stangvik samla til samtalegudsteneste i Åsskard kyrkje, og dei som var der, fekk ei fin oppleving!