Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sprell levende»- for dei minste på kyrkjelydshuset.

Elinor Bolme Fredag 19. september 2014

Kyrkja og søndagskulen i Surnadal går saman og startar med samlingar «SPRELL  LEVENDE» for barn annakvar torsdag kl.17.30-18.30 i sokkelen på kyrkjelydshuset på Skei. Første gong blir tors.25.sept. og dei vil ha 2 grupper ; småbarnssong 1-3 år  og barnesong/søndagsskule 4 år og oppover.

Småbarnssongen vert leia av barnearbeider Elsa Jensvold og er ei oppfølgjing av babysong. Det vert eit tilrettelagt program for dei aller minste med mykje leik og rørsle /rim og regler. Inger Marie Paulsen og Mali Settem vil ha søndagsskuledelen med levande formidling av bibelforteljingane og Oddveig Helset Halle vil vere tonefølgje til songen og lære ungane nye songar. Den eldste gruppa startar samlinga med ei songstund.

Ta gjerne kontakt på kyrkjekontoret for spørsmål skriv Oddveig Helset Halle i ein epost til redaksjonen.

20140918_132402-1

På bilde frå venstre: Inger marie Paulsen, Mali Settem, Elsa Jensvoll og Oddveig Helset Halle

 

Publisert: 19. september 2014, 21:00