Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt spent konfirmantkull

Elinor Bolme Sundag 31. august 2014

Under dagens gudstjeneste i Todalen Kyrkje vart konfirmantene for våren 2015 presentert. Det var 5 alvorlege og litt spendte ungdommar som steig opp til sokneprest Bernt Venås. Han lova dei ei spanande tid framover med den obligatoriske undervisninga som høyrer denne tida til. Når det lir utpå hausten skal dei saman med resten av konfirmantane i kommunen til Mjuklia på konfirmasjonsleir.

Konfirmantene 2015

Etter gudstjenesta vart det litt lausare stemning blant gjengen. Frå venstre Oda Kårvatn, Emma Sæther, Bernt Venås, Eirik Telstad Hanssen, Ola Bolme og Jens Olav Edvardsson Moe.

Neste gudstjeneste i Todalen er 28. september, da med 50-årsjubileum for konfirmantene frå 1964. Her vil det bli festligheter i ungdomshuset laurdagen, med høve for alle som ønsker å delta. Vi kjem med meir informasjon etterkvart som datoen nærmar seg. Dato for konfirmasjonen våren 2015 er enno ikkje fastsett.

Publisert: 31. august 2014, 20:23