Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 425 artiklar i dette arkivet.


Gjorde seg kjent med kyrkja

Gjorde seg kjent med kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 20. februar 2011

I helga har det våre tårnagentghelg for dei yngste. Det starta med skattejakt på laurdag og fortsette med familiegudsteneste på søndag. Det var dei yngste klassane på skulen som var invitert denne gongen, og det var knytta stor spenning til skattejakta som gikk ut på å leita fram ting som var merka rundt om i heile kyrkja. Skattejegrane skulle finne ein ting som dei skulle namngi, og ut i fra heile fangsten skulle dei få til eit løysingaord, som denne gongen vart kyrkjeagent.

Les heile saka

Gudsteneste med tårnagentar

Gudsteneste med tårnagentar

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. februar 2011

Søndag 20. februar kl 11.00 er det familiegudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Barn deltek i gudstenesta som tårnagentar. Offer til Nordmøre Søndagsskulekrets. Her finn du plakaten.


Misjonsfest med jubileum

Misjonsfest med jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.

Les heile saka

Kyrkja jubilerer

Kyrkja jubilerer

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2011

For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering. Sjå plakaten her

Les heile saka

Triveleg julekonsert i kyrkja

Triveleg julekonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2010

Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.

Les heile saka