Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 426 artiklar i dette arkivet.


Triveleg men utradisjonell songkveld

Triveleg men utradisjonell songkveld

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mars 2012

Salmeskatt i Jeans og bunad hadde dirigent Bernt Bøe kalla songkvelden i Todalen kyrkje onsdag kveld. Og med det signaliserte han ein stor variasjon i programmet, der korsongen nok dominerte på denne songkvelden. Den var eit samarbeid mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men programmet var krydra med både deklamasjon, solosong og orgelmusikk, og spente frå tangorytmer til Bach-koral, ispedd både allsong, folketonar og klassisk.

Les heile saka

Tonekveld i kyrkja

Tonekveld i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 5. mars 2012

Onsdag kveld (7/3) kl 19.30 er det klart for tonekveld som dei har kalla «Salmeskatt i jeans & bunad». Det skjer i Todalen kyrkje, og det er Bernt Bøe med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som vil underhalde oss med song og musikk kvelden. Dei har og med Sigrid Bøe, Daniel Bjørlo og Torgrim Tunes denne […]


Runda av med juletrefest

Runda av med juletrefest

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2012

Med strømmangel og uvær på 2. juledag måtte soknerådet utsette juletrefesta til 1. nyttårsdag. Det vart nok litt seint, for da hadde nok mange tilreisande teke på heimveg, og bygdefolket starta førebuingane på kvardagen igjen. Eit trettitals frammøtte fekk imidlertid ei triveleg stund i skulen denne ettermiddagen. Der var det program med historisk tilbakeblikk til 60- og 70 åra. Terje Nordvik fortalte om juletrefestene på den tida, og viste ein lysbileteserie fra gamle dager.

Les heile saka

Årets siste gudstjeneste i 2011

Årets siste gudstjeneste i 2011

Elinor Bolme Laurdag 31. desember 2011

Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.

Les heile saka

Nyttårsgudsteneste – kl 16.00

Nyttårsgudsteneste – kl 16.00

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2011

Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje på nyttårsaften kl 16.00. Under julegudstenesta vart det opplyst om anna tidspunkt, men det er kl 16.00 som er rett. Det er soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, som held gudstenesta, og det blir dåpshandling. Ofring til Todalen Sanitetsforening. Soknerådet ønskjer alle velkome til årets siste gudsteneste!


Juletrefest 1. nyttårsdag kl 14

Juletrefest 1. nyttårsdag kl 14

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2011

Juletrefesta som skulle vera 2. juledag måtte som kjent avlysast på grunn av straumbrotet etter uværet «Dagmar». Todalen sokneråd melder at det blir arrangert ny juletrefest (eller kanskje nyttårsfest) 1. nyttårsdag i Todalen oppvekstsenter kl 14.00. Der blir det gang rundt juletreet og framvising av lysbilete frå 60-og 70-åra, der vi får gjensyn med både […]


Julegudstenesta innleia jula

Julegudstenesta innleia jula

Ole Petter Talgø Laurdag 24. desember 2011

No byrjar julefreden å senke seg, og dette blei innleia med julegudsteneste i ei fullsatt Todalen Kyrkje. Prest Bernt Venås, saman med Todalskoret, gav oss ein fin start på julefeiringa. Det var ofring til Kirkens Nødhjelp og Afrikas horn. Vi håpar alle får ei fredfull og fin julefeiring!


Julegudsteneste kl 13.30

Julegudsteneste kl 13.30

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2011

Julaften er det julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30. Det er sokneprest Bernt Venås som held gudstenesta.  Julaften er den store kyrkjedagen, og soknerådet reknar med at det blir nærast fullsett kyrkje. Soknerådet yrskjer alle hjarteleg velkomne til julegudsteneste!


Vi syng inn jula

Vi syng inn jula

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2011

Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterer deg til å bli med og synge inn jula torsdag kveld. Det skjer i Todalen kyrkje kl 19.30. Her får du høyre kora med forsterkingar av solistane Guro Gaarder Sigen (bass), Marthe Bellsvik Stavrum (fløyte) og Synnøve Hammervold (fiolin) på instrument. I tillegg får vi solosong av Nora Bøe, Sigrid Bøe […]


LysVåken

LysVåken

Elinor Bolme Sundag 27. november 2011

LysVåken- eit nasjonalt prosjekt i Den Norske Kyrkja. I Todalen Kyrkje vart det attpåtil eit historisk prosjekt, då det for aller første gong vart overnatta i kyrkja. Dette var eit arrangement i regi av Todalen Sokneråd i tråd med ein landsomfattande aksjon der det er fokus på å innvolvere og bli kjent med kyrkja si. Todalen sokneråd innviterte dermed alle frå 5. til 7. klasse til å overnatte i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Rundt halvparten av ungane stilte på arrangementet, og dei som gjorde det fekk oppleva ein litt anna laurdagskveld.

Les heile saka

Kyrkjetonar til velbehag

Kyrkjetonar til velbehag

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. oktober 2011

Onsdag kveld inviterte Todalen sokneråd til «Kyrkjetonar året rundt» med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som aktørar. Det vart ein slags kavalkade på jubileumsåret for Todalen kyrkje som snart går mot slutten. Der fekk vi smaksprøvar på salmar og songar frå heile kyrkjeåret, og det starta med adventssalmen «Görer portarna höga». Vidare på programmet var det både jule- og påskesalmar før programmet gikk vidare utover året på «rundturen».

Les heile saka

Familiegudsteneste kl 11

Familiegudsteneste kl 11

Jon Olav Ørsal Sundag 16. oktober 2011

Søndag er det familiegudsteneste i Todalen kyrkje kl 11.00, med sokneprest Bernt Venås.  Da er det utdeling av 4- og 6-årsbok.  Takkoffer til Nordmøre Søndagsskulekrets.