Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd Arkiv

Vi fann 425 artiklar i dette arkivet.


Allsongkveld – Tonar under kyrkjetårn

Allsongkveld – Tonar under kyrkjetårn

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juni 2011

Allsongkvelden – Tonar under kyrkjetårn samla mange tilhørarar i Todalen kyrkje pinsaftan. Etter at pinsehøgtida var ringt inn starta allsongkvelden med innmarsj med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor med Grautmarsjen. Dirigent og kromtapp for heile arrangementet, Bernt Bøe, ønska velkomen og leia allongkvelden på ein framifrå måte og krydra programmet med gode historier. Det var nok mange gode songarar tilstades i kyrkja denne kvelden, for aldri har nok allsongen ljoma så fint i kyrkja som denne kvelden.

Les heile saka

Hugs!  Allsong i 150 år – Todalen kyrkje i kveld

Hugs! Allsong i 150 år – Todalen kyrkje i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juni 2011

Vi minner om allsongkvelden i Todalen kyrkje i kveld kl 18.00. I spissen for eit variert program står Knut Iversen, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor. Kor og musikkensemble vil  også urframføre «Folketonemesse» – laga av organist Bernt G. Bøe. Dette verket er laga over folketonar fra Todalen i høve kyrkjejubileet. Allsongkvelden er ein del av både […]


Vårsøgkonsert i Todalen kyrkje – Tonar under kyrkjetårn

Vårsøgkonsert i Todalen kyrkje – Tonar under kyrkjetårn

Bernt G. Bøe Tysdag 7. juni 2011

Med “Tonar under kyrkjetårn” på pinseaftan (laurdag 11. juni) markerer 150-årsjubilanten Todalen kyrkje dei unike songtradisjonane i bygda. Forsamling, solistar, kor og instrument framfører songperler frå kyrkje, heim og skule. Solist Knut Iversen, Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og ei musikkgruppe går saman med forsamlinga i eit program der allsongen sikkert vil “stå i taket” på ekte todalsvis. I gruppa spelar Runa Tunheim fele, Peder Hønsvik trekkspel, Gro Løfaldli bass og organist Bernt G. Bøe tasteinstrument.

Les heile saka

Fin konfirmasjonsgudsteneste

Fin konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2011

Det var nærare 120 tilhøyrarar tilstades i Todalen kyrkje da Inga Husby, Kristine Svinvik og Brage Hauglann Talgø vart konfirmert søndag 15. mai. Sokneprest Bernt Venås heldt ei fin preike til konfirmantane, med framtid og von som hovudtema. Han sa mellom anna at det er mykje å gle seg til når ein blir vaksen, men at det er viktig at ein styrer livet sjølv.

Les heile saka

Stor dugnadsinnsats

Stor dugnadsinnsats

Elinor Bolme Onsdag 11. mai 2011

Måndag kveld var det dugnad på kyrkjegarden, og med Terje Nordvik som hovedbas gjekk det som på skinner. Lista hans var lang, men sidan rundt 30 personar møtte opp gjekk det jaggu unna. Heile kyrkjegarden vart raka, inngangspartiet kosta, svokk ifylt, kyrkjemur oppretta for å nemne noko.

Les heile saka

Dugnad på kyrkjegarden

Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mai 2011

Måndag kveld er det tid for å drive litt våronn på kyrkjegarden. Da er det dugnad for å rette opp skeive gravstøtter, rydde og rake etter vinteren og pynte opp litt til konfirmasjon og 17. maifeiring. Det er sokneråd og kyrkjeverje som er arrangør, og dei oppfordrar folk til å ta med rive, trillebår, spett […]


Triveleg stund på Haugligardane

Triveleg stund på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. april 2011

Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.

Les heile saka

Friluftgudsteneste på Haugligardan

Friluftgudsteneste på Haugligardan

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. april 2011

2. påskedag er det friluftsgudsteneste på Haugligardan kl 12.00. Todalskoret deltek. Offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Etterpå blir det grilling og aktiviteter i samarbeid med T.I.L. trimgruppa.


Skrult – ei musikalsk oppleving

Skrult – ei musikalsk oppleving

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2011

Vi minner om konserten med Skrult i Todalen Kyrkje i kveld kl 19.00. Bandet Skrult er frå Ålvundfjord, og denne konserten er ein del av jubileumsprogrammet til til kyrkja. Under finn du også ein smakebit frå gruppa.

Les heile saka

Innhaldsrik songkveld

Innhaldsrik songkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. mars 2011

Onsdag kveld var det songkveld i kyrkja, der eit 60-tals tilhørarar fekk ta del i eit triveleg og innhaldsrikt program. Einy Elgsæther har send oss nokre bilde, og ha fortel at det var ein fin og innhaldsrik kveld. I tillegg til korsong og allsong viste Bernt Bøe ein lysbildedekavalkade frå kyrkjas historie, og det var framføring av kantaten «Visst skal våren komme».

Les heile saka

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk. Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå. Last ned plakaten her.

Les heile saka

Årsmøte i Todalen sokneråd

Jon Olav Ørsal Måndag 28. februar 2011

Det blir årsmøte i kyrkja 20. mars, etter at gudstenesta er ferdig. Årsmøtesaker: Årsmelding Rekneskap Revisjon av gudstenesteforordninga Inkomne saker Innkomne saker som skal behandles sendes til todalen sokneråd v/Ildri Øyen seinast 12. mars 2011.