Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lovnadsordet – ei meiningsytring frå organisten

Lovnadsordet – ei meiningsytring frå organisten

Jon Olav Ørsal Fredag 28. september 2012

Kyrkja har lenge jobba med den nye gudstenestereformen. Dei tre sokna i Stangvik prestegjeld er ikkje noko unntak, og Bernt G. Bøe har som organist delteke i dette arbeidet både i Stangvik, Åsskard og Todalen sokneråd. No ligg det an til at biskopen ikkje godkjenner det resultatet dei er komne fram til. I det høve kjem Bernt G. Bøe med ei meiningytring til «dei kyrkjelege mynde» som han gjerne vil ha svar på.  Nedafor finn du heile innlegget:

«Kyrkjelydane er i sluttfasen av arbeidet med gudstenestereformen. Som organist har eg vore saman med tre sokneråd i prosessen med utforming av Lokal grunnordning for hovudgudstenesta. Det har vore gjevande – og krevande. Det var fint å bli oppmoda til stad-eigen utforming med mykje tekst og musikk å velje imellom. Samtidig måtte vi – som små bygdesokn – vera realistiske: – Kva vil fungere hos oss? Vi kom til at folk framleis må få kjenne seg att og ikkje bli skremde når dei kjem til gudsteneste. Med andre ord: Vi endrar lite.  

Reaksjonært og feigt? Nei. Enno har vi knapt utnytta variasjonane i gudstenestebøkene vi lenge har hatt. Og det vi innimellom har gjort i mange år, skal følgje oss vidare: Pantomime til salmar og tekster, rolledeling av tekstlesing, samarbeid om forbøn, liturgiske vandringar i rommet, dramatisering og variert bruk av songkrefter og instrument. Vi gler oss til å gjera meir av dette – med unge og vaksne som har lyst og motivasjon.

Med fingeren i jorda og i tråd med rammene frå høgaste hald legg vi såleis opp til moderat fornying av vår lokale hovudgudsteneste.

Det mest sentrale i alt gudsteneste- og kristenliv er vel samla i ordet “For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” (Johannes 3.16). Ut frå dette har syndsvedkjenninga og lovnadsordet som no kan knytast til den, engasjert meg personleg sterkt.

I reformprosessen stod syndsvedkjenninga i fare for å bli valfri! – Alt snakk om synd er så dystert, så negativt, folk kjenner seg ikkje att i det, heitte det. Endatil prestar applauderte. Heldigvis overlevde vedkjenninga. Elles kunne vi stenge folk borte frå det eigentlege.

Mange har unekteleg opplevd denne vedkjenninga som problematisk, som einsidig fokusering på synda utan at nåden og tilgjevinga har vore synleggjort i samanhengen.

Difor er det ei velsigning at reformen endeleg opna for å knyte syndserkjenninga til Bibelens lovnadsord: “Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.” (Johannes’ første brev 1.9)

I dette perspektivet hører også første del av nemnte bibelsitat med: “Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.” (Johannes’ første brev 1.8).

“Resultatet” av erkjenninga og vedkjenninga er altså tilgjeving! Tenk å få starte gudstenesta, søndagen, den nye veka – ja, resten av mitt liv med å vite at mine svik og forsømingar er fjerna, borte, ikkje lenger eksisterande! Den gevinsten er rikeleg verd erkjenninga.

Reformen opnar for ulike variantar av vedkjenningstekst og lovnadsord, og bruken av desse må sjølvsagt sjåast i samanheng.

Hos oss har vi eit sterkt ønske om å ta med lovnadsordet før sjølve syndsvedkjenninga. Det både oppmodar og oppmuntrar til deltaking og gir den mest logiske samanhengen. Vi vil difor forme leddet slik i vår hovudgudsteneste:

Liturg: – Guds ord seier: Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. Lat oss (difor) bøya oss for Gud og sanna syndene våre!

Kyrkjelyden seier så fram den versjonen av syndsvedkjenninga ein er samd om å bruke.

Etter dette følgjer Kyrie (Bønerop) og Gloria (Lovsong) heilt naturleg og logisk, noko dei ikkje gjer like godt dersom lovnadsordet blir plassert etter vedkjenninga!

No hører vi likevel at dette neppe blir godkjend av biskopen – fordi det “ikkje er opna for det” i retningslinene.

Difor stiller eg – til dei kyrkjeleg myndige som bør svare – det opne spørsmålet som er bakgrunnen for heile dette innlegget:

Kva er den eventuelle teologiske grunngjevinga for at lovnadsordet ikkje kan koma før syndsvedkjenninga?»

Bernt Gudrunson Bøe
Adjunkt/organist i Stangvik, Todalen og Åsskard

Publisert: 28. september 2012, 20:18