Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja

Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 26. august 2012

Laurdag ettermiddag hadde Fiskum Quartet konsert i Todalen kyrkja. Det var ei flott førestilling, der vi fikk servert både Haydn, Pergulesi, Handel og Shostakovich av strukekvartetten til Bjarne Fiskum. Han er rekna for å være Trondheimssolistanes far, og med seg i Todalen kyrkje hadde han surnadalingen Anders Larsen (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello) og sopransolisten Sigrid Elisabeth Vetlesæter Bøe.

Dei hadde en flott konsert der Sigrid deltok som solist i to nummer, nemleg Pergolesis «Vidit Suum» som var en arie frå «Stabat Mater»og Handels V’Adoro, Puppille frå «Julius Cesar. Sjølv om du ikkje er den største tilhengaren av slik musikk, så blir du imponert og riven med når du får oppleve dette «live». Imponert av både musikken og presisjonen i framføringa. Etter konserten fekk dei velfortjent og ståande applaus.

Soknerådet og Todalskoret serverte kaffe og kaker både til musikarane og publikum etter at konserten var ferdig.

Bjarne Fiskum er vaksen opp med julehefta om Vangsgutane, og etter konserten nytta han høvet til å besøkje Gammeskulen, Vangsgutane og Larris når han først var i Todalen.

Først publisert: 26. august 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 25. august 2012, 22:05