Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Inviterer til konfirmantjubileum

Inviterer til konfirmantjubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 17. september 2012

Laurdag kveld inviterer soknerådet til konfirmantfest i Todalen ungdomshus. Dei skal feire 50-års konfirmantane, altså dei som vart konfirmert i 1962. Det var i 1962 8 konfirmantar i Todalen kyrkje, og alle har takka ja til invitasjon til jubileumsfesta, fortel Terje Nordvik i soknerådet. Årets komfirmantar vil også ta del i jubileumsfesta, og i tillegg inviterer dei alle todalingar til Ungdomshuset denne kveld.

I ungdomshuset blir det servert middag, og eller er er det underhaldningsinnslag med Eistin Bæverfjord og Bernt Bøe. Det blir også allsong og konkurranse i TodalsQuiz og sjølv sagt kaffelag. Det er gratis inngang og festa tek til kl 19.00.  Her kan du laste ned plakaten som PDF.

Konfirmantane i 1962: Framfor frå venstre: Svanhild Talgø Kvendset, Sigurd Invaldstad (sokneprest) og Inger Helga Brusethaug Nilssen. Attafor frå venstre: Dordi Ørsal Oterholm, Anders Halset, Trygva Halle, Jon Bruset, Inge Arvid Husby og Ruth Nordvik Voldnes.  Foto er utlånt av Todalen sokneråd.

Publisert: 17. september 2012, 06:00