Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dyktig dugnadsgjeng

Dyktig dugnadsgjeng

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2013

Vi fikk gjort alt som stod på lista, og meir til, sa Terje Nordvik frå soknerådet.  Det var han som leda dugnadsgjengen som måndag kveld var i aksjon under kyrkjegardsdugnaden. Dugnaden starta i sol og finvêr, men det rakk akkurat til å bli ferdig med dugnadsarbeidet før det slo om til kald og sur nordvest med regnbyger.

Det var ein effektiv dugnadsgjeng, som fikk unna gammelst rusk og rask, i tillegg til at det vart retta opp gravstøtter og gjort klart for planting av blomster i beda som høyrer kyrkja til. Ei av dei stor bjørkene ved kyrkjemuren hadde tørka ut, og måtte også gje tapt for motorsaga. No er det strøkent og klart for feiring av nasjonaldagen på fredag.

Bilder frå dugnaden.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. mai 2013, 20:42