Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julefreden har senka seg over Todalen

Elinor Bolme Onsdag 24. desember 2014

Tradisjonar følgjer julehøgtida. Og ein av mange av desse ulike tradisjonane er for mange å ovevære julegudstjenesta i Todalen kyrkje på julaften. Tradisjon tru, på 23. året (men ikkje riktig på rad) var det sokneprest Bernt Venås som sto for prekena også denne gongen. Og med organist Bernt Idar Bøe som hadde tilbragt rundt 20 av dei siste julekveldane som musikalsk ansvarleg for todalingane, vart det nok ei hyggeleg gudsteneste å sjå tilbake på. Tidlegare på dagen held dei to gudstenesta i Åsskard, medan dei skal til Stangvik i morgon føremiddag.

Og med ei nesten fullsett kyrkje og eit kyrkjerom som fyltest med kraftfull allsong av «Deilig er jorden» heilt til slutt, gjorde nok at julefreda sett seg i dei fleste frammøtte, og ein kan kanskje lene seg tilbake og nyte nokre fridagar. Neste gudsteneste i Todaen kyrkje er nyttårsaften kl 16.

Ha ei riktig fin julehøgtid, og ta vare på kvarandre.

 

 

Publisert: 24. desember 2014, 20:16