Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er sundt å synge!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. oktober 2014

Slik innleia iallfall organist Bernt Bøe, da han ønska velkomen til songkveld og kunne gratulere todalingane med den nye songboka. Søndag kveld hadde soknerådet invitert til songkveld for å gjera seg kjent med den nye songboka. Den er på heile 1455 sider og inneheld over tusen songar  – både godt gammelt og ein del nytt som kanskje er godt. -Det er det slitestyrken som avgjer, sa han. På songkvelden deltok Todalskoret, Åskard kyrkjekor og i tillegg var Sigrid V. Bøe med og kasta glans over arrangementet. Ho går no på Operahögskolan og er heime berre ein snartur.

BerntB_0132

Bernt Bøe er organist i Todalen kyrkje, og hadde forebudd seg godt på denne songkvelden med den nye songboka. Foto: Jon Olav Ørsal

Bernt hadde førebudd seg godt til denne kvelden, og hadde mykje å fortelje om både songboka og dei som hadde produsert innhaldet. Songboka inneheld både vanlege salmar og songar, og er samtidig bønebok og inneheld liturgiar til ymse formål. Denne kvelden hadde han plukka ut eit utval songar som vart framførte med allsong eller korsong, og han ekperimenterte både med 2-stemt og 3-stemt song. Det var ein fryd for øret å høre korleis koret og ikkje minst Sigrid spissa denne songkvelden. Med Sigrid fikk vi også høre ein smakebit på den føreståande adventfeiringa med framføringa av eit stykke frå Händels «Messias».

Sigrid_VB_0114

Sigrid Vetleseter Bøe går no på Operahögskolan i Stockholm, men tok turen til Todalen på songkveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Ildri Sjøland Øyen som er leiar i soknerådet rosa Bernt for arbeidet han har lagt ned for å få til sluke flotte kulturkveldar. – Slike songkveldar har stor verdi, og vi sett stor stor pris på at du vil være med oss, sa ho, før ho inviterte heile forsamlinga på kyrkjekaffe etterpå.

May_Borghild_AnnM_B_0127

May Elisabeth Holten, Ann Magret Botten og Borghild Betten Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Sigrid_Kordamer_0122

Sigrid V. Bøe som solist, saman med ei gruppe frå Åsskard kyrkjekor. Foto: Jon Olav Ørsal.

Songkveld_forside_0110
Felleskoret framførte fleire salmar under songkvelden i Todalen. kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal
Kyrkjekaffe_0135

Til slutt vart alle invitert på kyrkjekaffe. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. oktober 2014, 00:07