Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmasjonsfest med 50-årsjubilantar

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2014

Denne helga markerer soknerådet 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1964. Denne markereinga starta med fest i Todalen ungdomshus laurdag kveld, og fortsette søndag med markering under gudstenesta i kyrkja.  10 av dei 14 konfirmantane deltok på festa laurdag kveld, der både jubileumskonfirmantane og bygdafolket elles var invitert til middag og underhaldning i ungdomshuset.

KonfJub_Langbord_7657

Konfirmantane samla rundt langbordet i ungdomshuset. Det var mykje å prate om på ein slik kveld og det er nok lenga sia at alle var samla. Foto: Jon Olav Ørsal

Til middagen vart det servert velsmakande oksegyte med ris som tilbehør, og eller vart det utover kvelden tid for både muntre historier frå skule- og konfirmanttida. Dordi Ingeborg Finborud hadde skrive eige dikt -» Todal’n e min» – som ho framførte. Elles hadde Terje Nordvik laga TodalsQuiz med ymse spørsmål knytta til bygda og tidsepoken på 60-talet. Festa var runda av med servering av kaffe og blautkae og lotteri.

 Todal’n e min

Todal’n e min
Alt e ser e mett
Alt e hørre e mett
D e her e e fødd
D e her e ha trødd
Kvar gong e kjæm att e Todal’n min

D e hæmkjært d e ser
D e hæmkjært d e hørre
Sommå bekkjesusen
Sommå fjella
og fjorden som speglar alt i ett

Her e e fødd
Her ha e trødd
Her ha e satt nån spor
Her ha e funne mi rot

Kå vil e no
No vil e besøkje d
Varra her å oppsøkje d
sammen vi 50-årsjubilantan

D e bøgda som e rammå
D e bøgda som he minna
Her e vi for å finn dem att

Vi har nå til felles
D vi såg og opplevd i lag
Alt va vårt
Alt va mett

Takk t bøgda vår
som gav oss så fin ei innramming
D e 50 år sia vi sto for presten
Fekk velsigning og gode ord i bagasjen

No e vi her sammen og helsar deg
frå tidleg morgon til seine kveld
Vi vil så gjern minnast deg i lag
bøgda vår og alt som var

Todal’n e vår
Todal’n e min

Dordi Ingeborg Finborud

 

KonfJub_oversikt_7656

Konfirmantfesta samla eit 30-tal deltakarar – jubilantar og bygdefolk elles. Foto: Jon Olav Ørsal

KonfJubKake_7653

Flott kake, dekorert med konfirmasjonsbildet frå 1964. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. september 2014, 09:12