Sykkeltrim onsdag 30.juni
Onsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen.
Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.
Onsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen.
Vi har vore så heldige å fått tilgang til nokre bilete frå Todalsdagen 2021, sett gjennom augene til ei drone. Bileta kan du sjå nedanfor!
I fjor vart alle fotballcupar avlyst på grunn av koronasituasjonen og smitteverntiltak i samband med epidemien. Så gleda var stor da Todalen Idrettslag fekk klarsignal for å gjennomføre Todals-Cupen i fotball under Todalsdagen, som vart arrangert i dag, sjølv om det innebar kort tid til førebuingar og invitasjonar.
Todalsdagen 2021 kan uten tvil omtalast som ein suksessfull dag på alle vis. Lenge var det usikkert om det kunne arrangerast nokon Todalsdag, på grunn av smittevernreglar og risiko for spreiing av koronasmitte. Etter kvart var det beslutta at ein skulle kjøre eit amputert arrangement utan fotball, slik at ein heldt seg innafor gjeldande reglar for smittevern. Men i tolvte time – eller rettara sag ei veke før arrangementet vart det klar at myndigheitene ville tillate breddeidrett igjen – og dermed fotball.
Klokka 14:00 i dag var det trekning i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Totalt vart det selt 1383 lodd, som gav ei total inntekt på kroner 27.660,- frå lotteriet, noko idrettslaget er strålande nøgd med! Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle sine samarbeidspartnarar som har gjeve gevinstar til Sommarlotteriet, Tusen takk!
Blodbanken i Kristiansund var representert på Bordholmen i samband med at mosjonsløpet Ræta Opp vart arrangert i samband med Todalsdagen 2021. Vi trefte Randi Solskjær Tømmervåg og Elisabeth Sandvik som på vegne av Blodbanken i Kristiansund var veldig glade for gåva frå Todalen idrettslag og Ræta Opp. Startkontingenten frå årets arrangement går nemleg uavkorta til Bodbanken i Kristiansund i år. Kor mykje det blir veit dei ikkje før om nokre dagar når alle pengane er komne inn.
Det var vel inga overrasking at Håvard Gjeldnes fekk bestetid i mosjonsløpet «Ræta Opp» under Todalsdagen 2021 som vart arrangert på Bordholmen laurdag. Håvard leia løpet frå start til mål, men han hadde heile tida Kristoffer Nordvik hakk i hel, og måtte berre gi på for å halde unna. 26 sekunder var differansen ved målgang på Bordholmen. Håvard fekk tida 11.04, medan Kristoffer fekk 11.30. I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fekk bestetida på 13.46, medan Mari Lien kom på andreplass med 29 sekund på etterskot.
Todalen Idrettslag oppfordrar alle todalingar til å ikkje køyre bil til Todalsdagen, med mindre dette er naudsynt. Alle som kjem med bil til Todalsdagen må følgje instruksjonane frå parkeringsvaktene. Det er parkeringsplassar nedanfor Talgø og på nabotomta til Bordholmen stadion. Det er parkeringsvakter på båe plassane, og det SKAL IKKJE parkerast på andre stadar enn der det er tilrettelagt for parkering.
Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri, som har trekning laurdag 26.juni klokka 14:00 under Todalsdagen, er i innspurten med tanke på førehandssal av lodd. Det vil bli selt lodd på Matkroken Todalen i dag frå klokka 15:00 – 17:30 og under Todalsdagen i morgon frå kokka 11:30 – 13:30.
Laurdag 26.juni er det duka for den 29. Todalsdagen. Det er med stor glede Todalen Idrettslag i år igjen kan inviterer til Todalsdag med fotballcup, «Litj Ræta» og «Ræta Opp»! I fjor var det ikkje mogleg å arrangere fotballcup under Todalsdagen på grunn av smittevernrestriksjonar, men i år er fotballcupen altså tilbake. Responsen for påmelding har vore god, sjølv om fristen for påmelding var kort.
I kveld feira Trimgruppa og Økonomigruppa i Todalen Idrettslag St. Hans med grilling, kaffe og kaker ved gapahuken ved Båthølen. Sjølv om det vart bitte litt regn da arrangementet tok til, så var det vel 70 personar som kom for å vere med på midtsommarfeiringa, noko arrangørane seier seg storfornøgd med!
Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet. Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.