Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange med på sykkeltrim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. juni 2021

I kveld arrangerte Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Ruta i kveld gjekk frå Bordholmen til Nerbu på Todalsøra. Derifrå gjekk turen opp til Øyabrua, opp Pilskaret, via Toåa tursti og ned til Bordholmen att. Jo Kvande Hansen, frå Intersport Olaf Moen i Surnadal, stilte sporty opp med ein demo elsykkel og verkty. Medan mange prøvde elsykkelen, viste han fram enklare reparasjonar og tips om dagleg vedlikehald av sykkel. 

Sykkelgjengen frå Nordvik «droppa» innom for bakels og graut. Foto: B G Ansnes

Det vart etter kvart mange prøveturar på elsykkelen, så kanskje blir det nokon som handlar i løpet av sommaren? Fleire fekk òg gode råd om enklare reparasjonar og dagleg vedlikehald av Jo Kvande Hansen. 

Jo Kvande Hansen sjekkar bremseklossane på sykkelen til Karin Halle. Foto: B G Ansnes

I kiosken var det sal av bekels med graut, kaffe, is og brus. Salet gjekk strykande! Sykkelgjengen frå Nordvik «droppa» og innom for bakels og graut! 

Her får Per P. Gjeldnes kyndig hjelp av Jo Kvande Hansen frå Intersport Olaf Moen i Surnadal. Foto: Elinor Bolme

Det ser ut til at sykkeltrim er eit populært tilbod som mange set pris på. Neste sykkeltrim blir onsdag 28.juli klokka 18:00, med start på Bordholmen. 

Torkjel A. Moe var ein av mange som prøvde demo elsykkelen Jo Kvande Hansen hadde med seg for prøvekøyring. Foto: Elinor Bolme

Publisert: 30. juni 2021, 21:11