Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag – medlemskontingenten er sendt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. august 2021

Denne veka starta Todalen Idrettslag utsendinga av faktura for medlemsskap for 2021. Dei som er registrert med e-postadresse får fakturaen som PDF-fil vedlagt i e-posten, medan dei som ikkje er registrert med e-post enno, får fakturaen som vanleg papirfaktura i postkassen sin. Kontingenter for 2021 er kr. 150,- per medlem. 

Dersom du har motteke ein papirfaktura, så betyr det at e-postadressa di ikkje er registrert i «Min Idrett». Frå 2021 er det eit klart ønske frå idrettslaget at slik e-postadresse er registrert, så oppfordringa, om du får papirfaktura, er at du registrerer e-postadressa di for seinare bruk. Astrid K. Longva har laga ein instruksjonsvideo på korleis du gjer dette, så den kan du sjå ved å trykke på lenka: «Instruksjonsvideo»

For spørsmål vedrørande betaling, kontakt Todalen Idrettslag. For spørsmål vedrørande bruken av Min idrett, kontakt:  «idrettens support».

Todalen Idrettslag håper du fortsatt vil vere medlem. Om du ønskjer å vere medlem, men ikkje har fått faktura, ta kontakt med Astrid på telefon: 930 20 687. 

 

Publisert: 18. august 2021, 09:20