Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra resultat for årets Todalsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. juli 2021

Todalsdagen er den viktigaste enkeltinntektskjelda for Todalen Idrettslag. Vanlegvis utgjer inntekta frå Todalsdagen mellom 15-20% av dei totale inntektene til idrettslaget. I år ser det ut til at Todalsdagen vil ende på eit overskott på godt over 90.000,- kroner. 

Dei totale inntektene under årets Todalsdag var på godt over 140.000,- kroner, medan utgiftene var på knappe 50.000,- kroner, som altså gjev eit overskott på litt over 90.000,- kroner, eit resultat Todalen Idrettslag er godt nøgd med. 

Todalen Idrettslag vil takke alle som bidro til at årets utgåve av Todalsdagen vart ein suksess. Dei takkar og sine samarbeidspartnarar for Todalsdagen for støtta:

Til slutt takkar Todalen Idrettslag følgjande for gevinstar til Sommarlotteriet: 

  • Talgø Invest for gåvekort på 5.000,-
  • Svinvik Gard for gåvekort på 1.200,-
  • Alti Surnadal for gåvekort på 1.000,-
  • Todalshytta for gåvekort på 500,-  
Publisert: 11. juli 2021, 05:00