Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sykkeltrim på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. juli 2021

Onsdag 28.juli klokka 18:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag alle til sykkeltrim. Ruta som skal syklast er ikkje bestemt enda, men oppmøte er på Bordholmen stadion klokka 18:00. Trimgruppa håper, sjølv om det er ferietid, at folk kjem syklande og blir med på sykkeltrim!

Det blir òg open kiosk, der det blir sal av kaffe og bakels med graut, og andre godsaker som is, sjokolade, potetgull og brus. Så sjølv om ein ikkje vil vere med å sykle, så blir det mogleg å legge turen til Bordholmen stadion for å ta «ettermiddagskaffen» denne ettermiddagen. 

Trimgruppa ønskjer alle velkomne på sykkeltrim!

Publisert: 25. juli 2021, 16:58