Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir det Todaling på pallen på Kårvatn Skyrun 2021?

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. august 2021

Det knyter seg stor spenning til laurdagens arrangement av Kårvatn Skyrun komande laurdag.  Kristoffer Nordvik skal forsvare fjoråret triumf, da han gjekk heilt til topps i Kårvatn Skyrun.  Da spørst det om kneskaden han pådro seg tidlegare i år tåler ein langtur i fjellet.  Erik Kårvatn har også steke plasseringer frå VM i Italia og frå Skyrace –  Sans Senja, og må nok finne seg i å ha eit favorittstempel og være med og kjempe om pallplass.  Det er alt påmeldt 65 deltakarar, men påmeldingsfristen går ikkje ut før torsdag, så vi ventar fleire sterke kort på lista enno, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no.

Jo Gjeldnes var ein av dei som var ute for å merke løypene i helga – her med sekken full av løypeflagg. Foto: Mari Redalen

Førebuingane er forlengst i gang, både med merking og rydding av løypa og, det er fleire hundre løypeflagg som skal utplasserast før laurdagens konkurranse.  Gudmund Kårvatn oppfordrar lokale heltar til å delta, og han oppfordrar også publikum til å være med på denne festdagen som Kårvatn Skyrun er.  For publikum vil det være flott å heie fram løparane på Storfjellet.  Her er det målgang for Storfjellet opp, men alle dei andre løparane passerer også her.  – Det vil være ein ekstra motivasjon for løparane å bli heia fram når dei kjem opp mot Storfjellet. 

Todalen Idrettslag plassert ut storgrillen og vil sørge for både grillmat, kaffe og bakels og anna kioskvarer under arrangementet på Kårvatn. På grillen vil du mellom anna finne lokalprodusert burger frå Kårvatn Angus. Frå venstre Lars Stensby, EllinorBolme og Michal Heimlund. Foto: Gudmund Kårvatn

Ei oppleving for publikum vil det også være å få med seg start og målgang.  Starten for 43 km-løypa og Storfjellet opp går kl 09:00, medan 23 km-løypa har start kl 11:00.  Det vil seie at det kjem til å skje noko på Kårvatn heile dagen frå start og fram til målgang for dei siste. På Kårvatn vil det også være sal av mat og forfriskningar gjennom heile dagen. 

Påmelding til Kårvatn Slyrun 2021 finn du på denne linken, og her finn du den komplette deltakarlista som blir løpande oppdatert fram til onsdag kveld når påmeldingsfristen går ut.  Heimesida for Kårvatn Skyrun 2021 finn du her .  På heimesida ligg utfyllande informasjon om arrangementet og aktuell informasjon både til deg som vil ta del i arrangement eller som vil være på tilskodarplass.  Eit av spenningsmomenta for laurdagens arrangement er sjølvsagt vêret – her finn du linken til vermeldinga på yr.no!

 

 

 

 

Først publisert: 17. august 2021, 12:38 - Sist oppdatert: 18. august 2021, 22:46