Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1778 artiklar i dette arkivet.


Ræta Opp 2021: Håvard leia frå start til mål

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. juni 2021

Det var vel inga overrasking at Håvard Gjeldnes fekk bestetid i mosjonsløpet «Ræta Opp» under Todalsdagen 2021 som vart arrangert på Bordholmen laurdag.  Håvard leia løpet frå start til mål, men han hadde heile tida Kristoffer Nordvik hakk i hel, og måtte berre gi på for å halde unna.  26 sekunder var differansen ved målgang på Bordholmen.  Håvard fekk tida 11.04, medan Kristoffer fekk 11.30.  I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fekk bestetida på 13.46, medan Mari Lien kom på andreplass med 29 sekund på etterskot.


Parkering under Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. juni 2021

Todalen Idrettslag oppfordrar alle todalingar til å ikkje køyre bil til Todalsdagen, med mindre dette er naudsynt. Alle som kjem med bil til Todalsdagen må følgje instruksjonane frå parkeringsvaktene. Det er parkeringsplassar nedanfor Talgø og på nabotomta til Bordholmen stadion. Det er parkeringsvakter på båe plassane, og det SKAL IKKJE parkerast på andre stadar enn der det er tilrettelagt for parkering. 


Innspurt i Sommarlotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. juni 2021

Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri, som har trekning laurdag 26.juni klokka 14:00 under Todalsdagen, er i innspurten med tanke på førehandssal av lodd. Det vil bli selt lodd på Matkroken Todalen i dag frå klokka 15:00 – 17:30 og under Todalsdagen i morgon frå kokka 11:30 – 13:30.


Program Todalsdagen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. juni 2021

Laurdag 26.juni er det duka for den 29. Todalsdagen. Det er med stor glede Todalen Idrettslag i år igjen kan inviterer til Todalsdag med fotballcup, «Litj Ræta» og «Ræta Opp»! I fjor var det ikkje mogleg å arrangere fotballcup under Todalsdagen på grunn av smittevernrestriksjonar, men i år er fotballcupen altså tilbake. Responsen for påmelding har vore god, sjølv om fristen for påmelding var kort.


Midtsommarsuksess ved Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I kveld feira Trimgruppa og Økonomigruppa i Todalen Idrettslag St. Hans med grilling, kaffe og kaker ved gapahuken ved Båthølen. Sjølv om det vart bitte litt regn da arrangementet tok til, så var det vel 70 personar som kom for å vere med på midtsommarfeiringa, noko arrangørane seier seg storfornøgd med!


Tradisjonell dugnad før Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. juni 2021

Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet.  Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.


Lokaloppgjer på Bordholmen i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål. 


St. Hans feiring i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

Onsdag 23.juni klokka 18:00 inviterer Trimgruppa og Økonomi- og markedsgruppa i Todalen Idrettslag alle til St. Hans feiring ved gapahuken i Båthølen. Idrettslaget ordnar med grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv. Idrettslaget spanderer og kaffe og kaker etter grillinga. 


Fotballkamp på Bordholmen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. juni 2021

Måndag 21.juni klokka 18:00 er det klart for nok eit lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J10 lag mot Surnadal J10. Det blir sjølvsagt open kiosk med graut og bakels. 


Dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

For å klargjere anlegget på Bordholmen stadion til Todalsdagen, arrangerer anleggskomiteen i Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni klokken 18:00. 


Inviterer til Todals-Cup i fotball 26.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

Med bakgrunn i dei smittevernreglane som vart kunngjort i går, har Todalen Idrettslag bestemt seg for å invitere til Todals-Cup i aldersbestemt fotball, laurdag 26.juni frå klokka 10:00 og utover dagen. Det er aldersgruppa 6 – 10 år som blir invitert, og alle lag i kommunane: Sunndal, Tingvoll, Heim, Rindal og Surnadal blir invitert. – Vi er litt seint ute, men vi har avventa dei nye smittevernreglane, seier leiar i Todals-Cupen, Ola Dalsegg. – Vi håper likevel at det er interesse for cupen og at laga melder seg på, avsluttar han. 


Tingvoll – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. juni 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Tingvoll for å spele seriekamp mot Tingvoll G9. Søya/Todalen sitt G9 lag har få spelarar i år, så med to forfall måtte dei låne med seg to spelarar frå G11 laget.