Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvass/Ulvungen – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. oktober 2021

I går kveld var Søya/Todalen G9 i Ålvundfjorden og spela kamp mot Kvass/Ulvungen. Kampen vart spela innandørs i fotballhallen til Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion, noko som passa bra på ein kveld med mykje vind. 

Eitt av mange fine angrep i kampen. Foto: Anja Nordvik

Kampen vart, som ofte lokaloppgjer blir, ein jamn kamp der laga skifta på å ha føringa i målprotokollen. Rapportane fortel om mykje godt spel av båe lag, og da dommaren bles av kampen, hadde båe laga scora like mange mål, så da vart det uavgjort, noko som heller ikkje er eit uvanleg sluttresultat i eit lokaloppgjer. 

Takk for kampen! Foto: Anja Nordvik

Neste torsdag, den 7. oktober, er det duka for eit nytt lokaloppgjer, denne gongen på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da er det Surnadal som kjem på besøk, så da er det berre å krysse av den dagen i kalenderen.

 

Først publisert: 1. oktober 2021, 08:00 - Sist oppdatert: 30. september 2021, 22:22