Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen avslutta sesongen mot Dahle

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. oktober 2021

Søya/Todalen J10 avslutta fotballsesongen 2021 med heimekamp mot Dahle, frå Kristiansund, på Søyabanen i kveld. Og for å markere sesongavslutninga skikkeleg, spelte jentene sin beste kamp for sesongen og vann kampen på ein overbevisande måte. 

Heimelaget varta opp med storspel, både i forsvar og angrep, noko som betalte seg i båe endar. Heimelaget scora mange mål, samstudes som dei helt tett attover, så det vart ein klar heimesiker i kveldens kamp. Mange av Søya/Todalen sine spelarar teikna seg for scoring gjennom kampen. 
 
Etter kampen vart det servert velfortent sjokoladekake, og trenarane oppsummerte sesongen for jentene. Årets sesong har vore ein god sesong for alle spelarane, og dei har hatt mange gode kampar og utvikla seg positivt som lag. Både samspelet og eigne ferdigheiter har blitt betre gjennom sesongen. 
 
Da tek laget ein velfortent pause nokre veker framover, før ei ny sesongoppkøyring tek til utpå nyåret. 
 
 
 
 
Publisert: 7. oktober 2021, 18:55