Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

BB Fotball – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. oktober 2021

Det blir ei travel sesongavslutning for Søya/Todalen sitt G9-lag. I går var dei i Laikarvollen og spela kamp, før det vart ein tur på Napoli i Surnadal for å ha sesongavslutning med pizza og brus. Og no i ettermiddag, nærare bestemt klokka 18:00, spelar dei heimekamp mot Surnadal G9 på Bordholmen stadion, og først etter at den kampen er ferdig, er fotballsesongen 2021 over for Søya/Todalen G9. 

Kampen på Leikarvollen i Bøfjorden vart ein jamn og god kamp, med totalt 13 scoringar. Sjølv om det var ein jamspelt kamp, var heimelaget meir effektive framfor mål i første omgang, og kunne gå til pause med ei knapp leiing. 

Andre omgang starta på same måte, med eit litt meir effektivt heimelag. Men midtvegs i omgangen scora Søya/Todalen eit par raske mål, og stillinga på resultattavla viste uavgjort. Båe laga pressa på mot slutten, og hadde fleire store sjansar for å avgjere kampen, og like før slutt greidde heimelaget å få ballen i mål. Så da dommaren bles av kampen, hadde heimelaget ein knappast mogleg seier. 

Triveleg med sesongavslutning på Napoli. Foto: Ellinor Moen

Skuffelsen over eittmålstapet gjekk fort over, og stemninga steig til nye høgder da laget kom til Napoli i Surnadal for å ete pizza og drikke brus. Det var ein glad og fornøgd gjeng med gutar som koste seg med mat og drikke.

– Alle på laget har gjort ein kjempeinnsats i år, og alle har vist stor positiv utvikling på fotballbanen. Dei har difor all grunn til å vere stolte av seg sjølv, seier trenar og lagleiar, 

Laget har vunne mange av kampane sine i år, hatt fleire uavgjort og nokre få tap. Jamnt over har det vore gode og jamne kamper som det har vore artig å følge med på for publikum.

Publisert: 7. oktober 2021, 13:03