Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka lansering av «På tur i Todalen»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. oktober 2021

Laurdag var det offisiell opning av trimappen «På tur i Todalen ved gapahuken i Båthølen. Appen blir levert av  Turpoeng, og kan lastast ned både på iPhone og Android.      Knapr 40 trimmarar hadde teke turen for å vere med på den offisielle lanseringa, sjølv om turmåla opna for registrering frå fredag, og allereie var teke i bruk av fleire turgåarar.

Oversiktsbilete, teke med drone. Foto: Markus Bolme

No forsvinn dei 11 tradisjonelle trimbøkene på trimpostane, men dei 11 trimpostane blir med vidare, og får selskap av ytterlegare 13, slik at det totale talet frå og med i går, no er oppe i 24 trimpostar. 

Mange nytta høvet til å registrere seg på trimposten i Gunnøya. Foto: Elinor Bolme

Trimgruppa hadde koka «bålkaffe» og spanderte heimelaga gjærbakst, noko dei mange frammøtte sette stor pris på. 

Trimgruppa stilte med «bålkaffe» og gjærbakst. Foto: B G Ansnes

Elinor Bolme, frå Trimgruppa, hadde ei kort rettleiing om korleis ein brukar appen, før dei fleste vart med til gapahuken i Gunnøya for å få sjå kor enkelt det var å registrere trimturen sin via appen. 

Trimgruppa har stor tru på at dette skal auke talet på registrerte trimturar ganske mykje i tida framover, håper Elinor. Etter å ha prøvd den, er det lett å vere einig med henne i at appen har brukarterskel og er lett å bruke. 

Ved stien ned til gapahuken i Gunnøya, hadde Sissel Halset Storslett hadde laga ein montasje med turmål, som låg både i overkommeleg avstand, men og nokre som låg litt lengre unna enn det ein kanskje vinn over på ein dag?

Forslag til mange turmål, nokre av dei krev overnatting! Foto: Elinor Bolme

Finn og Lisa tok kajakken opp elva til trimposten i Gunnøya. Dei kunne fortelje om ein fin tur og at dei til og med hadde sett fisk på turen oppover elva. 

Finn og Lisa padla kajakk opp til trimposten i Gunnøya. Foto: Finn Ranes

 

Publisert: 2. oktober 2021, 14:34