Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens siste kamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. oktober 2021

I går kveld var det duka for sesongens siste fotballkamp på Bordholmen stadion. Og kva er vel betre enn å avslutte ein fotballsesongen med eit skikkeleg lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9? Sjølv om vi er komne langt ut i oktober på kalenderen, var vêret og temperaturen ikkje så aller verst, men for oss som såg på var det nok best med langbukse og jakke da!

Eitt av mange angrep for Søya/Todalen. Foto: B G Ansnes

Første omgang var jamspelt med mange sjansar til båe lag, men bortelaget var stort sett i føringa i målprotokollen, samstundes som dei hadde to skot i stonga og eitt i tverliggaren. Så da dommar Sondre Nes blåste av til pause, var det bortelaget som var i føringa.

Her er det Surnadal som er i angrep. Foto: B G Ansnes

I første halvdel av andre omgang tok bortelaget litt meir over banespelet og auka leiinga si ytterlegare. Men helvvegs ut i omgangen vakna heimelaget skikkeleg opp og avslutta kampen med ein god sluttspurt. Så da dommar Nes bles av kampen, så kunne bortelaget feire at dei hadde scora eitt «fattig» mål meir enn heimelaget. 

God kjemping i alle duellar. Foto: B G Ansnes

Ein fartsfylt og publikumsvennleg kamp med mange gode prestasjonar frå båe lag. 

Takk for kampen! Foto: B G Ansnes

Da er fotballsesongen 2021 over for Søya/Todalen G9, så no blir det nok andre aktivitetar enn fotball ei lita stund framover.  

Først publisert: 8. oktober 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 7. oktober 2021, 19:22