Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppfordring frå Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. oktober 2021

Da medlemskontingenten for Todalen Idrettslag for 2021 vart utsent tidlegare i haust, oppstod det ein liten feil. Feilen er at forfallet vart sett til 14.11.2021, nesten tre månader fram i tid. Dette skulle ha vore 14.09.2021. Difor oppfordrar Todalen Idrettslag sine medlemmer til å snarast betale kontingenten for 2021, sjølv om forfallsdatoen framleis er om over ein månad. 

Fakturaen har dei aller fleste på e-post, så om du ikkje har fått den, ber idrettslaget om at du tek kontakt med Astrid L. Kvendset på e-post: astrid.kvendset@outlook.com, for å få fakturaen. For at idrettslaget skal få utbetalt sin andel av medlemskontingenten frå Norges Idrettsforbund, og få offentleg støtte for sine medlemmer, må kontingenten vere registrert betalt i Idrettsforbundet sine system. Difor denne oppfordringa. 

 

Publisert: 3. oktober 2021, 11:32