Ræta Opp med bidrag til Gatelaget i KBK – det er enno ikkje forseint å bidra!
«Vêrbruket» på Todalsdagen klarte mesta å sette ein stoppar for heile årets arrangement. – Nokre få fotballkampar vart gjennomført og mosjonsløpet Ræta Opp vart da også gjennomført, men med kanppe halvparten så mange deltakarar som vanleg. Det ga sjølvsagt lite inntekt til Gatelaget, med knappe 7.000 kroner – medan det vanlegvis har vore det dobbelte. No oppfordrar arrangøren Todalen IL sine «støttespelarar» til å gje ein hundrelapp på etterskot.