Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Operapub med trampeklapp i Todalen ungdomshus

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2022

Eit fullsett Todalen ungdomshus tok godt i mot Operapuben frå Stangvikfestivalen torsdag kveld.  Ein kan vel seie at Stangvikfestivalen tjuvstarta årets arrangement i Bøfjorden i går kveld, og at det nærast var ein form for tjuvstart også i Todalen torsdag kveld.  Festivalens første arrangement i Stangvika er PUB med noko 6263 attåt, seinare torsdag kveld.  Kveldens pub i ungdomshuset opna dørene kl 18, og Todalen Idrettslag sørga for servering før konserten starta kl 19. 

Sigrid Vetleseter Bøe er programansvarleg for Stangvikfestivalen – her opptrer ho i lag med Hedda Hansen Berg. Foto Jon Olav Ørsal

Sigrid Vetlesæter Bøe er programansvarleg for Stangvikfestivalen, og ho hadde klart å skaffe nokre av dei beste operasongarane til årets festival, og dei fekk vi ein imponerande forsmak på under kveldens førstilling i Todalen ungdomshus.  Her stilte operasongarar frå både Stockholm og Berlin, og da måtte det berre bli bra. Vi fekk høyre sopran Anna Malesza-Kutny, tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius i tillegg til Sigrid Vetleseter Bøe.  Hedda Hansen Berg sørga for å akkompagnere på piano, og det var ei oppgåve ho kom godt ut av. 

Todalen ungdomshus var fylt til siste plass, og det var skikkeleg god stemning med mykje applaus og trampeklapp frå publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Gjennom førestillinga som gikk i tre avdelinger fekk vi høyre variert operasong, og publikum var med og ga skikkeleg tilbakemelding til songarane i form av applaus og trampeklapp. Ei fantastisk førestilling som ein trygt kan seie at det er sjeldan men opplever – snakk om full utteljing på billetten. 

Etter at førsestillinga var ferdig vart det både eitt og to ekstranummer – heilt til slutt song tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius «Der fjordene blåner», flerstemt og med norsk tekst. 

Tenor Linard Vrielink, baryton Jaka Mihelac, baryton Adam Kutny og bass Erik Rosenius – disse 4 kvitterte for siste ekstranummer med «Der fjordene blåner» med norsk tekst – og fikk skikkeleg applaus for det. Foto Jon Olav Ørsal

Erik Rosenius kan ikkje klage på kontakten med publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius. Foto Jon Olav Ørsal

På plass som servitørar for Todalen IL. Frå venstre Bjørn Gunnar Ansnes, Mali Røen Skjærmo ,Jens Sancho Ansnes og Jenny Stensby. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. juli 2022, 21:07